Hopp til innhold

Færre bruker pose etter «plast-kvalen»

Færre nordmenn takkar ja til plastpose når dei er ute og handlar, ifølge delar av daglegvarebransjen. Coop meiner «plast-kvalen» er årsaka.

Vidkun Hodne

Vidkun Hodne i Stavanger brukar handlenett, og ikkje plastposar, når han er på handletur.

Foto: Magnus Stokka / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ikkje nødvendig å bruka så mykje plast. Derfor tar eg med handlenett, seier Vidkun Hodne, på handletur på Madla Handelslag i Stavanger.

Ved ein butikkdisk litt lenger borte, opnar butikkmedarbeidar Ragnhild Iversen nok ein kartong med handleposar i plast.

Ho merka at det skjedde noko med kundane sine haldningar etter at det blei funne 30 plastposar i magen på ein sjeldan kval på Sotra utanfor Bergen tidleg i februar.

– Kundane kommenterte saka og sa at dei måtte slutta med plastposar og gå over til handlenett. Men det var akkurat der og då, nå er mitt inntrykk at alt er som før.

– Fleire vel handlenett

Ragnhild Iversen

Butikkmedarbeidar på Madla Handelslag, Rangnhild Iversen, merka at folk valde vekk plastposen då «plast-kvalen» var medieoppslag i vinter.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Men tal frå Coop kan tyda på ein meir langvarig «kval-effekt» for plasthandleposen. For trass i auka sal i deira butikkar, har kundane berre brukt ein prosent fleire plastposar i år.

I tillegg har omsetninga for gjenbruksnett auka med seks prosent i år.

– Det er neppe tvil om at kvalen som stranda på Sotra har gitt auka merksemd rundt plastforureining i havet, og at det har ført til at fleire vel handlenett framfor plastpose, seier miljøsjef i Coop Norge, Knut Lutnæs.

Også Rema 1000 melder at dei sel noko mindre plastposar nå enn tidlegare, mens Kiwi og Norgesgruppen rapporterer om eit stabilt bereposesal.

Ifølge Kiwi har ein kampanje på gjenbruksposar i år gitt «ein naturleg auke».

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

Over 30 plastposar og store mengder mikroplast blei henta ut av magesekken til den sjuke og avliva gåsenebbkvalen.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Handleposar blir bossposar

Men når nordmenn bruker åtte av ti plastposar til å kasta avfallet sitt i, og 15 prosent går til gjenvinning til nye plastprodukt, ifølge Miljødirektoratet – er det då eit stort poeng å redusera plastposebruken på handleturen?

Ja, er svaret frå miljøsjefen i Coop:

Knut Lutnæs

Miljøsjef i Coop Norge, Knut Lutnæs.

Foto: Coop Norge

– Me meiner det blir feil å gjera plastposen til den store, stygge ulven i miljødebatten. Men me skal jo heller ikkje bruka fleire plastposar enn det strengt tatt er behov for.

Han seier Coop i tillegg er opptatt av å bidra til å oppfylla EU sitt plastposedirektiv, som også er gjeldane for Norge. Ifølge EU-direktivet må bruken av plastposar ned med 80 prosent innan 2025.

Ein gjennomsnittleg nordmann bruker 200 vanlege plastposar i året. Dette talet må ned til 90 innan 2019.

– Handlar om rutinar

Også på Madla Handelslag i Stavanger gjer butikkmedarbeidar Ragnhild Iversen sitt for å få folk til å velja gjenbruksnett.

– Det er veldig enkelt og handlar om rutinar. Eg bruker handlenett sjølv også.

Nå vil fleire daglegvarekjeder innføra ei plastposeavgift der inntektene skal gå til eit miljøfond. I staden for at styresmaktene innfører ei avgift, vil dei frivillig legga på 50 øre i ekstragebyr for plastposen.