NRK Meny
Normal

Sandnes kommune vil ha fleire boss-kamera

Folk misbrukar bosstasjonane og kastar ting som ikkje høyrer heime der. No vil Sandnes kommune ha færre mottak og fleire overvakingskamera.

Overvaking av søppelkonteinerar

KAMERA: Om du tømmer søppel ved eit av returpunkta til Sandnes kommune, passar kommunen på at du berre kastar ting du har lov til.

Foto: NRK

Per Øverland

TEK SYNDARANE: Per Øverland vegrar seg ikkje for å ringa til søppelsyndarane.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

«Hei, det er Per Øverland i Sandnes kommune. Eg ser på ein video at du har kasta eit toalett der du ikkje skulle gjort det. Vil du henta det sjølv, eller skal eg ringa eit firma som kan gjera det, og så sender eg rekninga til deg?»

Slik byrjar gjerne Per Øverland telefonsamtale sine om han ser nokon kasta noko dei ikkje skal på eit av kommunen sine returpunkt.

Fleire kamera

Etter påske fløymde det over av søppel rundt stasjonane for hytterenovasjon i Sandnes. No går det mot færre og betre overvaka bosstasjonar, for kommunen har allereie erfart at videoovervaking endrar misbruket av ordninga radikalt.

Søppel

PUTEKASSE: Det er mykje som ikkje skal kastast i ein konteinar, eller ved sidan av som i dette tilfellet, som til dømes denne putekassen.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

På kontoret sitt hjå Renovasjonen i Sandnes følgjer Øverland med på kva som skjer på mange av miljøstasjonane og mottaka for hyttesøppel i den vidstrekte kommunen. Ti overvakingskamera sender bilete til PC-skjermen hans, og dei fangar stadig opp folk som kastar mykje anna enn det desse stasjonane er meint for.

Kastet toalett

NRK får blant anna sjå ein video av nokon som kastar eit toalett ...

– Du ser dei ber ut eit toalett og vaskar, så det er sikkert eit bad dei har pussa opp, seier Øverland.

Frå overvakingsbileta finn Øverland bilnummer, og då er vegen kort til å plukka opp telefonen og ringa søppelsyndaren.

– Då er eg på offensiven på ein fin måte. Når dei får valet mellom å henta det sjølv eller betala rekninga, då kjem dei raskt. Då har eg ein god dag, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Gamle kjøleskap, malingsspann og barnestoler er bare noe av søppelet som ble liggende etter påskeferie i Sandnes.

Øverland likar ikkje å måtte ta det vidare til politiet, men må av og til gjera det.

– Me har vore i retten med dette her også. Det var ein som fekk 12.000 kroner i bot, fordi det var noko væske i det han kasta, og politiet var ikkje heilt blide for det.

– Kva slår de hardast ned på?

– Bilbatteri og måling og slike ting likar me ikkje, det er svineri og lett å skada andre med, seier Øverland.

– Folk bør ta seg bryet med å gjera det skikkeleg

– Det er uheldig. Ein skulle gjerne sett at folk tok seg bryet med å køyra dei kilometerane det er og betala dei små kronene det kostar å kvitta seg med avfallet på ein ordentleg måte, seier Jan Egil Gjerseth, seksjonsleiar for Miljø og renovasjon i Sandnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Søppel
Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Eit av tiltaka kommunen vil gjera, er å følgja etter Stavanger og innføra gratis henting av boss som er for stort til å gå ned i dei vanlege dunkane. Dette håpar Gjerseth vil føra til mindre forsøpling rundt returstasjonane, og samstundes går utviklinga mot at det blir færre mottak for hytteboss.

– Trenden er at det blir færre og større returpunkt med betre kontroll. Dei bør vera lett tilgjengelege, og sidan det blir færre, er det naturleg at dei vil liggja langs større vegar, seier han.

Og då vil det også dukka opp videoovervaking på fleire mottaksstasjonar.

– Me vil at dei store returpunkta, som består av nedgravne konteinarar, skal vera overvaka av videokamera, seier Gjerseth.

– Dei skjerpar seg etter telefonsamtalen

For kommunen har erfart at når overvakingskamera blir sett opp, skjer det ei endring.

– Det blir ei radikal endring på bruken, så det har ein preventiv verknad, det er det ikkje tvil om, seier Øverland

– Folk er ikkje så vande med overvaking over alt at dei ikkje bryr seg?

– Nei, men det viktigaste er å snakka med dei. Folk blir ikkje tekne éin gong til, etter at eg har ringt til dei, seier han.

Per Øverland
Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK