Hopp til innhold

Færre Birgitte-tips

Tipsmengden i Birgitte Tengs-saka er i ferd med å tørke ut. Dei siste dagane er det berre få nye tips som har kome inn, opplyser politiet. Denne veka har politiet avhøyrt fleire vitne, seier politiadvokat Fredrik Martin Soma til Dagbladet. Han vil ikkje talfeste vitneavhøyra. Det står att også nye avhøyr med den sikta 50-åringen før varetektsfengslinga går ut den 1. oktober.

Birgitte Tengs
Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK