Hopp til innhold

Færre «daudsoner» med nytt naudnett

Med det nye digitale naudnettet er ikkje høge fjell og djupe dalar til hinder for kommunikasjonen mellom naudetatane, ifølge brannsjef Henry Ove Berg.

Nytt naudnett

I dag tok brannvesenet i bruk det nye digitale naudnettet. Brann- og redningssjef Henry Ove Berg markerte overgangen med lyden frå eit varslingshorn.

Foto: Rogaland brann og redning IKS

I fjor tok politiet i bruk det nye digitale naudnettet, noko som betyr at folk mellom anna ikkje kan lytta til politiradioen lenger.

Politiet meiner det nye naudnettet er ein suksess og nå følgjer brannvesenet etter. Onsdag klokka 12 forlot brannvesenet i Sør- Rogaland det gamle analoge sambandet og gjekk over til den digitale verda.

– Nå har me tatt i bruk ny teknologi som ser ut til å fungera veldig godt. Teknologien er betre, det er klårare lyd og mindre daudsoner, seier Henry Over Berg, brann- og redningssjef i Rogaland brann og redning IKS.

Gode erfaringar frå Gilja

Henry Ove Berg og Marita Eik

Brann- og redningssjef Henry Ove Berg og prosjektleiar Marita Eik feira det nye naudnettet med kake onsdag.

Foto: Øystein Otterdal

Marita Eik har vore prosjektleiar for innføringa av den nye naudnettet ved naudsentralen i Sør-Rogaland. Ho fortel om plassar i Rogaland kor det tidlegare har vore vanskeleg å kommunisera.

– Eit eksempel er Gilja, kor me har ein av våre brannstasjonar. Mannskap der har meldt frå til oss under innsats at dei høyrer klokkeklart dei andre naudetatane, og dei har dekning der dei aldri har hatt dekning før, seier Eik.

Ho viser blant anna til raset som gjekk over fylkesveg 45 ved Oltedal i slutten av januar. Då hadde brannvesenet god kommunikasjon med politi og helse på veg til ulukkesstaden.

– Næraste ambulansesentral frå Gilja er i Sandnes. Då er det er avgjerande for brannmannskapa, som står åleine på ein del helseoppdrag, at dei kan snakka direkte med AMK eller ambulansepersonell.

Næraste bilar blir valt

Eik fortel også at 110-sentralen gjennom digitaliseringa har fått eit nytt verktøy som er programmert slik at dei næraste bilane blir valt når hendingar skjer.

– Før måtte mannskap på sentralen gjera dette manuelt. Nå kan bilane koma på rett plass tidlegare.

Naudnettet skal etter planen vera ferdig utbygd i heile landet innan utgangen av 2015. Det skal gi brann, politi og helse eit betre kommunikasjonsverktøy.

Ifølge Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) er utbygginga i rute. Haugaland og Sunnhordland 110-sentral tok i bruk det nye naudnettet onsdag 11. februar.