Hopp til innhold

Få veit kva flagget betyr

– Det er mange som ser det, men det er ingen, eller i alle fall få, som veit kva det betyr. Det seier ein frustrert Åge Wee.

Åge Wee med ei utstilling av undervannsbilde bak seg

Åge Wee har lang erfaring med dykking og undervannsfotografering.

Foto: Weegruppen

– Dette flagget betyr at det er dykkarar nede i sjøen. og at du som småbåtførar skal halda god avstand og sakte fart.

Dykkerflagg

Flagget er laga for å hindre farlege situasjonar for dei som er under vatn.

Åge Wee, leiar i Slettaa dykkarklubb i Haugesund er oppgitt over manglande kunnskap hos dei som fører fritidsbåtar.

– Ein gong var eg ute med 15 mann og dykka ved Røvær. Då opplevde eg at båtane køyrde rett over oss.

Det er veldig frustrerande, når du er dykkeleiar. Du har ikkje mykje kontroll når det kjem båtar, med propellane i full fart, som køyrer rett over der dykkinga pågår, slår Wee fast.

Lite kunnskap

Det er mangel på forståing hos båtførarar for korleis dykkarar opererer, opplever Wee.

– Me har eksempel på at båtfolk har kasta ut fiskeredskap 20 meter frå båten, fordi dei trur at dykkarane berre held seg rett under båten, seier leiaren av Slettaa dykkarklubb.

Stor satsing i sommar

Dykkarane fryktar ulukker fordi båtførarane ikkje veit kva dykkarflagget betyr. Nå set Norges Dykkeforbund og Sjøfartsdirektoratet i gong ein kampanje for å læra opp båtførarane, og den blir sparka i gong i Haugesund.

– Me kjeme til å vera der det er båtfolk, båtmesser og slike stader.. Der skal me dela ut klistremerke, slik at båtførarar lærer seg kva dette flagget betyr, fortel Lars Einar Hollund, visepresident i Norges dykkeforbund.

Får støtte frå toppen

Steinar Haugberg

Steinar Haugberg frå Sjøfartsdirektoratet, lovar støtte til dykkarflagg-aksjonen.

Foto: Bilde fra Twitter

Også Sjøfartsdirektoratet stiller seg bak kampanjen for å få gjera flagget betre kjent.

– Me opplever nok at det er for lite kunnskap blandt fritidsbåtførarar om dette. Så me i direktoratet kjem til å vera med og støtta opp om denne kampanjen, seier Steinar Haugberg, kommunikasjonsrådgjevar i Sjøfartsdirektoratet.