Hopp til innhold

Her jobbar 50 islandske kokkar

... dei utanlandske kokkane blir fleire og fleire medan talet på norske kokkar i restaurantbransjen berre søkk.

Fleire utanlandske kokkar i Stavanger-området

Restaurantane i Stavanger-området blir for det meste styrt av kokkar frå Tyskland, Frankrike, Polen og Island.

Foto: NRK Rogaland

Ole Alexander Jacobsen

Kokken Ole Alexander Jacobsen (29) kan etter han blei kantinesjef gå heim til ei fast tid kvar dag.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Du kjenner det på kroppen når du nærmar deg tretti-års-alderen, seier Ole Alexander Jacobsen som har hoppa av jobben som restaurantkokk i Stavanger.

  • Blir maten påverka av at kokken ikkje er frå Norge? Sei meininga di nedst i artikkelen...

Nå er han kantinesjef på bedriftssenteret Ipark og kan kvar dag gå heim klokka tre. Tidlegare byrja arbeidsdagane hans på dette klokkeslettet:

Upopulært yrke

– Du kan nå leggja planar og du har fri kvar helg. Du får eit meir «dødeleg» liv som me kallar det på kokkespråket, seier Jacobsen.

I tillegg til norske kokkar som sluttar i restaurantbransjen er det færre og færre som vil bli kokkar ifølgje søkjartala på vidaregåande skular.

Sjølv om Rogaland opplever ein oppgang i søkjartalet er det elles i landet ein sterk nedgang i talet på elevar som søkjer seg inn på matfag:

Forsvinn til oljeindustrien

Jacobsen er ikkje den einaste nordmannen som har slutta som restaurantkokk. Restaurantnæringa tilsett stadig utanlandske kokkar på grunn av manko på norske.

– Fleire forsvinn til oljeindustrien kor arbeidstidene kanskje er meir gunstige, men utfordringane er mindre, seier Bodil Hillestad som har lang fartstid som restaurantkokk på Kronen Gård i Sandnes.

Ho har ingen planar om å skifta jobb trass dei krevjande skifta. Men viss utviklinga held fram er ho snart den einaste norske kokken i det rogalandske restaurantkjøkken.

For det har vore ein invasjon av utlendingar. Nå er det tyskarar, franskmenn, polakkar og islendingar som styrar over grytene.

Video Færre norske kokkar

VIDEO: Bodil Hillestad vil ikkje hoppa av som restaurantkokk.

Stortrives i Norge

– Nå må fleire norske restaurantar gå til utlandet å spørja islendarar og tyskarar til dømes om dei vil koma her og jobba, me kan lokka med gode arbeidsvilkår, seier oldermann i Kokkemestrenes foreining i Rogaland, Hans Dahl Øsrstavik.

Han meiner utviklinga skuldast at færre nordmenn har ønskja å satsa på kokkeyrket dei siste åra.

Daniel Ørn Ulvason frå Island har vore her i to år og stortrives i Norge som kjøkkensjef på Gamla Værket i Sandnes.

– Me er svært mange islendarar som jobbar her i Stavanger-området, og me kan laga god norsk mat sidan me stammar her frå, seier han med eit glimt i auga.

Dagleg leiar på Kronen gård seier at det er utfordringar med utanlandske kokkar:

– Kommunikasjon kan vera eit problem, dessutan lagar me dei same rettane ulikt i dei ulike landa, seier Bodil Skjørestad.

Ho peiker på riskrem som til dømes blir laga utan sukker i tyskland.

Ole Alexander Jacobsen på si side meiner at det er positivt å få utlendingar inn på norske kjøkken. Han har sjølv jobba på fleire europeiske kjøkken som utlendinfg frå Norge.

Daniel Ørn

Daniel Ørn Ulvason er nå kjøkkensjef på Gamla Værket i Sandnes.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK