NRK Meny
Normal

Få kvinner på toppen av listene

I kommunane Forsand, Gjesdal, Sokndal og Vindafjord kan du nesten vera sikker på at det ikkje blir ein kvinneleg ordførar. Dei har nemleg ingen kvinner på toppen av listene.

Valglister

Det vil vera få kvinner å finne på toppen av listene når du skal røyste ved kommunevalet i år.

Foto: Eva Susanne Drugg / NRK

Valglogo

– Eg synst det er trist at det ikkje er damer på topp, seier ordførar i Forsand, Ole Tom Guse.

I kommunen er det ingen kvinner på toppen av listene til dei sju partia som stiller til val.

Guse toppar lista til KrF i Forsand, og seier at det største problemet for hans parti har vore å få kvinnene til å stille på listene i det heile.

Ole Tom Guse

Ordførar i Forsand, Ole Tom Guse, trur mannfolk lettare seier ja til å stå på listene.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

– Eg trur nok at me mannfolk kan tenke litt meir kortsiktig og seia ja utan å tenke på tidsklemma. Medan damene er flinkare til å tenke på at det kan bli problem å prioritere hus, heim, familie og arbeid i etterkant. Difor trur eg mange kvir seg frå å stille, seier han.

Han har prøvd å halde fleire av møtene i kommunestyret på dagtid, slik at det skal bli meir attraktivt for kvinnene. Men det har likevel ikkje gitt fleire kvinnelege listetoppar.

Dårleg representert i heile fylket

Men Forsand er ikkje aleine om å ikkje ha kvinner på topp. For verken Gjesdal, Vindafjord eller Sokndal har kvinnelege listetoppar.

I dei andre kommunane i fylket er kvinnene underrepresenterte. Berre ein kommune har fleire kvinner enn menn blant listetoppane, og det er Suldal.

Einaste kvinna

I Hå er det i år elleve parti og bygdelister som stiller til val. Blant dei er det berre Arbeidarpartiet som har nominert ei kvinne til å toppe lista.

– Det hadde jo vore greitt med fleire damer på toppen. Me skal jo representera folket og me er jo om lag halvparten av kvart kjønn, så det hadde jo vore bra om det hadde vore slik på listene og, seier listetopp for Arbeidarpartiet i Hå, Tone Elin Berge.

Kvifor kvinnene er underrepresenterte synst ho er vanskeleg å svare på.

– Dette har jo vore eit tema lenge. Hadde me hatt svaret på det så kunne me jo ha gjort noko med det. Men eg tenkjer at ein grunn kan vera at kvinnene gjerne ser hindringane meir enn moglegheitane ved det, seier Berge.

– Gje gass og prøv

I Klepp sitt Høgre-ordførar Ane Mari Braut Nese.

Ho trur mange kvinner vegrar seg fordi dei ikkje veit om dei vil handtere jobben som ordførar.

– Eg trur det er ein del damer som tenkjer "Dette har eg aldri gjort, så eg aner ikkje om det går i saman med familie og andre forpliktelsar som eg har", seier Braut Nese.

Sjølv har ho fått testa ut sjefsstolen i fire år, og no er småbarnsmora klar for fire nye.

Artikkelen held fram under bilete

Video Derfor ble vi ordførere - Ane Mari Braut Nese og Aase Simonsen

I Klepp har dei i dag kvinneleg ordførar. Ane Mari Braut Nese er blant dei få kvinnene som siktar mot ordførarvervet også etter valet i haust.

Foto: Nyhetsspiller

– Det har jo gått på eit eller anna merkeleg vis. Men det heng jo saman med at eg ikkje har veldig høge krav til meg sjølv når det gjeld heimbakte kaker og boller og den slags. Og eg har ein familie som stiller opp. Viss du vil det nok så får du det til, seier ordføraren.

I Klepp er det berre to parti som har kvinneleg listetoppar. Ho meiner fleire kvinner må våge å hoppe i det.

– Folk må bare våge. Viss dei er litt freista så gje gass og prøv, seier Braut Nese.