Hopp til innhold

Eventyrhelg i skiløypene

Mange rogalendingar har nytta det strålande helgevêret til å stå på ski. Løypene i Brekko har hatt mellom tre og fire tusen besøkande i helga, ifølge Jæren friluftsråd.

Se video fra Brekko søndag.

– Det er eigentleg berre eitt ord for forholda nå og det er eventyrforhold, gliser styreleiar i Jæren friluftsråd, Henry Tendenes.

Det er Jæren friluftsråd som sørgjer for at det er preparerte løyper i Brekko i Gjesdal på flotte vinterdagar som i helga.

Friluftsrådet har ikkje noko offisiell besøksteljing, men Tendenes reknar med at ein plass mellom tre og fire tusen har besøkt Brekko-løypene frå fredag ettermiddag til og med søndag.

– Folk er veldig fornøgde. Det er tommel opp og berre godord å høyra, seier Tendenes.

Travelt for skiutleigaren

Henry Tendenes

Styreleiar i Jæren friluftsråd, Henry Tendenes, har hatt ein flott dag i Brekko.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Men det er ikkje alle i skiløypene som er like erfarne med ski på beina. Britiske Karen Charles bur i Norge for tida og prøver seg på ski for andre gong i livet.

– Eg trur eg er galen! Det er veldig vanskeleg, men landskapet og utsikta er flott. Neste veke skal eg prøva meg i nedoverbakkar også, ler ho.

Det gode besøket i skiløypene merkar også organisasjonen Frilager. Dei leigde ut ski i Brekko i helga.

– Det er veldig travelt. Heldigvis leverer nokre utstyret tidleg tilbake, slik at me kan låna ut skipara både to og tre gonger på ein dag, seier lagerleiar Kine Vassbø.

– Det er magisk. Folk er hyggelege og blide. Det må vera vêret som gjer det, smiler lagersjefen.

Parkeringsutfordringar

Godt besøk i Brekko betyr også parkeringsutfordringar og venting for å få parkering for fleire.

Tendenes i Jæren friluftsråd meiner likevel ikkje at ein kan laga parkering for toppdagar som i helga og for 14 dagar sidan då det var fire-fem kilometer lange køar til Brekko.

– Det som er litt greitt er at folk veit at det fort blir fullt på parkeringsplassane. Det betyr at nokre kjem tidleg og reiser tidleg når dei andre kjem. Me får skifta ut omtrent alt på parkeringsplassane i løpet av ein lang dag.