Hopp til innhold

Evan (19) har ME og droppa ut av skulen. Så fekk han hjelp

Evan har alltid drøymt om å bli lastebilsjåfør. Men han ante ikkje korleis. Så kom han i kontakt med UngInvest.

Evan Frazier (19)

Evan Frazier frå Karmøy har fått jobb som lastebilsjåfør. Men etter at han droppa ut av vidaregåande skule var han usikker på om han nokon gong fekk høve til å sitje bak rattet på jobb.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

– Eg hadde ikkje vore på ein særleg fin plass i dag viss eg ikkje hadde fått hjelp.

19 år gamle Evan Frazier byrja nyleg i lære hos transportnettverket Nor-log i Aksdal.

Å køyre lastebil er det han liker aller best. Men den draumen verka berre meir og meir fjern.

Evan Frazier

Evan trudde han måtte sjå langt etter draumejobben.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Ein tung periode

Evan har hatt ME i over ti år. I tillegg har han ADHD.

Når det er mykje stress kan det slite meg kraftig ut. Klasserom har aldri verka for meg, seier han.

Han bestemde seg for å droppe ut av vidaregåande skule etter to år.

Livet var kjipt, og han visste ikkje korleis han skulle oppnå lastebildraumen.

Ny sjanse

Så kom han i kontakt med UngInvest gjennom Oppfølgingstjenesten.

– Eg hadde ikkje vore her i dag viss det ikkje hadde vore for dei, seier han.

UngInvest er eit fylkeskommunalt opplæringstilbod for ungdom i alderen 16–24 år. Målet er å få folk som Evan tilbake på skulebenken eller i arbeidslivet.

– Vi vil skape meistringsopplevingar så ungdommane klarer å komme seg opp igjen og få eit godt tilbod, seier rektor ved UngInvest Haugesund, Einar Hansen.

Einar Hansen, rektor UngInvest Haugesund

Rektor i UngInvest Haugesund, Einar Hansen. Han seier dei har funne resepten på å få ungdom tilbake til skulen eller arbeidslivet.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Evan gjekk her i over eitt år.

Det er plass til 20 ungdommar på UngInvest i Haugesund. Der får dei motivasjon til å yte, levere og møte andre.

Gjennom samtalar med fokus på styrkane kan ungdommane bygge tillitsfulle relasjonar der kvar enkelt får teke i bruk det unike potensialet sitt.

– Vi gir dei eit godt grunnlag for å komme tilbake til skulen eller arbeidsplassen, seier rektor Hansen.

UngInvest Haugesund

Motiverande og oppbyggjande bilete og plakatar slik som dette er hengt opp fleire stader i lokala til UngInvest i Haugesund.

Foto: Simon Elias Bogen

– Betyr veldig mykje

Då NRK møter Evan har han sin første ordentlege arbeidsdag hos transportfirmaet. Han er i lære og skal jobbe der i minst tre år.

– Det betyr veldig mykje for meg at eg får lov til å køyre sjølv. Det viser at eg kan få det til så lenge eg berre køyrer på, seier han.

Evan verkar lykkeleg. Utan hjelp er det ikkje sikkert det hadde vore tilfellet.

– Eg trur ikkje helsa mi hadde vore like bra som ho er no. Det å få rutine på dagane har hjelpt meg både fysisk og mentalt.

Evan Frazier

Evan seier han har spelt tusenvis av timar i spelet «Euro Truck Simulator» – som rett nok er eit lastebilspel. No slepper han sitje bak ein skjerm for å køyre.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Hjelp og tilrettelegging

Sjølv om han har ME, merkar han at tida på UngInvest har hjelpt han til å få betre kontroll over helsa.

Eg har fått gratis tilgang til treningssenter og fått hjelp til å vurdere kor mykje energi eg brukar og kor mykje kapasitet eg har.

Han seier at når han først går på ein smell, kan utmattinga vare i fleire veker. Det opplevde han mykje hyppigare då han gjekk på skule.

– Eg har trivst enormt godt, og eg trur mange har fått god hjelp, seier han.

– Dette verkar

Åse Bratthammer kan stadfeste at mange har fått god hjelp. Ho er seniorrådgivar i Rogaland fylkeskommune.

– Vi har dokumentert at dette verkar. Dette er måten å løyse det på for ein del ungdommar, seier Bratthammer.

Åse Bratthammer. Seniorrådgiver i opplæring i Rogaland fylkeskommune

Åse Bratthammer er seniorrådgivar i Rogaland fylkeskommune.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Det var mellom anna ho som stod bak å få UngInvest til Rogaland.

Det viktigaste samfunnsoppdraget vi har er å nå ungdommane. Dei er så verdifulle. Vi treng arbeidstakarar og vi treng hendene og hovuda deira, seier ho.

Halvparten i jobb eller skule

I 2021/2022 var det 20 ungdommar på UngInvest i Haugesund. 13 har søkt seg inn på vidaregåande skule. Sju er i jobb eller arbeidspraksis.

Symaskiner, verksted og gaming-rom er blant aktivitetene ungdommene på UngInvest Haugesund kan holde på med.

Symaskiner, verkstad og gaming-rom er blant aktivitetane ungdommane på UngInvest Haugesund kan halde på med.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Nokon av dei 20 er i begge kategoriar.

– Halvparten av dei ungdommane som vi har følgt her i Haugesund er inne i ein positiv aktivitet etterpå, seier rektor Hansen.

Ein positiv aktivitet vil seie at ungdommane anten har komme tilbake til skulebenken eller inn i arbeidslivet.

Viken har drive UngInvest i over 40 år. Rogaland oppretta den første UngInvest-avdelinga si i Stavanger i 2019.

No ser både Agder og Trøndelag på moglegheitene for å opprette tilsvarande tilbod.

Les også: Jon (29): Dei så etter mine styrker og da losna det.

Portett av Jon Berge Nordstrøm. Han er skallet og har ring i ørene.
Portett av Jon Berge Nordstrøm. Han er skallet og har ring i ørene.

Hei, du!

Takk for at du leste helt ned hit! Har du noen tanker du sitter inne med etter å ha leste denne saken? 

Eller kanskje du har tips til noe annet jeg kan skrive om? 

Ta gjerne kontakt! 👇