Hopp til innhold

Store skadar etter kraftig husbrann

Ein person er sendt til sjukehus med røykskadar, etter ein bustadbrann på Madlamark i Stavanger.

Brann på Madlamark

Brannvesenet jobbar framleis på staden.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

– Nå er det kontroll på brannen, men politiet og brannvesenet er på staden og driv med skadebegrensing. Huset er veldig utbrent, seier operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt, Jøran Solheim.

Ein til sjukehus

Det var klokka 18:10 at politiet fekk melding om ein brann i eit hus i Kong Haraldsgate i Stavanger.

– Me rykka ut med fleire patruljar, og var på staden få minutt seinare. Då var det full fyr i huset, seier Solheim.

Tre personar kom seg ut av huset på eigehand. Ein av personane blei sendt til sjukehus med røykskadar.

Evakuerte naboar

Fem personar som budde i to hus i nærleiken blei også evakuerte.

– Det var både fordi det var mykje røyk, og fordi me ville vera på den sikre sida, seier Solheim.

Klokka 18:40 fekk naboane gå tilbake til husa sine.

Eit hus fekk store skadar, og naboar måtte evakuerast, då det byrja å brenna i eit hus på Madlamark.

Veit ikkje årsaka

Det er store skadar på huset, og brannvesen og politi jobbar framleis på staden.

Kva som er årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.

– Det er for tidleg å seia noko om årsak. Det vil bli gjort kriminaltekniske undersøkingar etter kvart, seier Solheim.