Hopp til innhold

Det ulmer og røyker fortsatt

Det er kontroll på storbrannen i lokala til Norsk Gjenvinning på Gausel– men ettersløkking vil fortsette i fleire timer ennå, opplyser Brannvesenet.

Brann i Norsk Gjenvinning sitt anlegg på Gausel i Stavanger

BRANN PÅ GJENVINNINGSANLEGG: I 16-tida onsdag byrja det å brenna i Norsk Gjenvinning sitt anlegg på Gausel i Stavanger. Torsdag morgon er sløkkearbeidet framleis i gang.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK

Det var like før klokka fire i går ettermiddag det braut ut brann i Norsk Gjenvinning sitt anlegg på Gausel i Stavanger.

Brannen utvikla seg, og blei svært omfattande. Ei stund var det også fare for at den skulle spreia seg til nabobedrifta Independent Oil Tools.

– Dette klarte me å unngå. Me har nå kontroll på brannen, og me driv nå på med ettersløkking, seier varabrannsjef i Brannvesenet i Sør Rogaland, Ståle Fjellberg.

Brenn framleis

Framleis brenn det i noko av avfallet, som ligg inne i ein hall, men Fjellberg seier dei har full kontroll.

Bygget har heller ikkje fått dei store skadane i brannen.

Sjølve bygget er jo av betong, så her er det relativt små skadar. Men det brann også noko i takkonstruksjonen. Men me har ikkje den fulle oversikta over skadane.

SISTE:

Klokka 15.30 opplyser vaktkommandør Andre Jacobsen i brannvesenet til NRK at det framleis ulmer i ein del søppel og det kjem noko røyk frå dette.

Brannvesenet skal snart trekkje seg ut og overlate resten av arbeidet til Norsk Gjenvinning som eig anlegget.

I samband med dette skal brannvesenet torsdag ettermiddag ha eit møte med eigaren.

Giftig røyk

Røyken som kjem frå anlegget kan vera helsefarleg, og beredskapssjef i Stavanger, Åshild Holmen, ber bebuarar i området må ta sine forholdsreglar.

– Folk kan gå på skule og i barnehage som vanleg, men me tilrår å ha dører og vindauge att, seier ho.

NRK har vore i kontakt med barnehagen som ligg tettast på anlegget, her vil dei vera inne heile dagen opplyser leiinga.

Kulda skapte problem

Det har vore utfordrande for brannvesenet å driva sløkkearbeid i sprengkulda, som har vore i området.

– Me har vore avhengige av gjennomstrøyming frå vassforsyningane, dersom me ikkje har det vil det frysa. Men det har heldigvis gått bra, seier Fjellberg.

Ein brannbil fekk likevel frostskadar og blei sett ut av spel.

– Også for mannskapet har kulda vore ei påkjenning, avsluttar Fjellberg.

Sjå TV-innslag:

Onsdag ettermiddag byrja det å brenna i lokala til Norsk Gjenvinning på Forus.

ONSDAG 24. JANUAR: Innsatsleiar Bjarne Solgård orienterar om situasjonen onsdag kveld.