Hopp til innhold

Flaskepost dreiv i land etter 20 år: – Som ei tidsmaskin

Etter 20 år på havet fann Erlend Vik Heggdal og Thomas Halseth (begge 9) flaskeposten som Karen Marie Hartmark Steenberg sende i 1994. – Utruleg artig, det er jo det nærmaste ein kjem ei tidsmaskin i dag, seier avsendaren.

Erlend og Thomas (begge 9) fann flaskepost

GLADE FINNARAR: Erlend og Thomas (begge 9) syns det var stas å finna ein så gamal flaskepost.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

«Kjære finner. Det var fint du fant vår flaskepost. Kan du skrive til oss? Vi vil gjerne at du skriver til oss, det er ingen tvang. Ta pennen fatt og skriv til Karen Marie. Du kan være fra ti til 10.000 år, jente, gutt, dame og mann.»

Slik startar brevet som Karen Marie Hartmark Steenberg sende ut frå Mandal sommaren 1994. No har den slitne plastflaska med dei tre breva dukka opp i Kvernevik i Stavanger. Finnarane var kameratane Erlend Vik Heggdal og Thomas Halseth (begge 9).

– Flaska var litt bøygd, og korken var limt att. Me trudde det var ein skatt, seier dei to finnarane.

Tok kontakt med avsendaren

Flaskepostfinnarar

STOR STAS: – Gutane syns det var veldig spanande å finna flaskeposten, seier Siv Elisabeth Vik.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ein les fint kva som står på breva. Papiret er skjørt, men det var tørt, seier mor Siv Elisabeth Vik.

– Når gutane såg at det var nokre papirrullar som låg oppi, så måtte me faktisk ha hjelp av tre menn for å opna den. Korken sat godt fast, så det er nok difor det var tørt.

– Når dei byrja å opna den så var det veldig spanande. Då var det som ein skatt, seier ho.

Ho tok kontakt med Karen Marie Hartmark Steenberg, som for over 20 år sidan kasta flaska på sjøen i Mandal.

– Tidsmaskin

Flaskepost

GODT LESELEG: Det er ikkje så vanskeleg å lesa kva som står i flaskeposten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me hadde ikkje rekna med at den skulle bli funnen 20 år seinare! Me hadde vel håpa at nokon skulle finna den litt tidlegare, men det er jo utruleg morosamt. Det er vel kanskje det nærmaste ein kjem ei tidsmaskin i dag, seier Hartmark Steenberg, som var 12 år då ho skreiv brevet.

– Har du tenkt noko på den i løpet av desse 20 åra?

– Eg har nok ikkje det, men me tenkte jo på flaska den sommaren me kasta den ut, men så har den nok gått i gløymeboka. Men då var det jo endå artigare å få telefon om at den var funne no, seier ho.

– Det var jo før internett og mobilar og slikt, så me måtte jo finna på noko om sommaren. Og me hadde det veldig gøy med det! Det var nok ikkje den einaste flaskeposten me kasta ut, men det var gøy tidsfordriv.