NRK Meny
Normal

Er dette Viking si vinnaroppskrift?

Etter den nye Viking-trenaren, Kjell Jonevret, innførte obligatorisk havregraut-eting, har laget byrja å vinna kampar.

Etter Kjell Jonevret kom inn som ny Viking-trenar, er klubben underlagt eit nytt grautregime.

► SJÅ VIDEO: Vikingspelarane rullerer på kven som må stella i stand grautmåltidet, på torsdag var det Vidar Nisja som var den utvalde.

– Full fart framover, og hald tett bakover, sa svenske Kjell Jonevret då han tok over Viking for ein dryg månad sidan.

Har vunne dei to siste kampane

Men i det stille innførte han den eigentlege vinnaroppskrifta; havregryn, mjølk, sukker og kanel.

For under Jonevret er det innført obligatorisk havregraut-eting kvar morgon for alle Viking-spelarane.

Sportsleg byrja det trått, men nå har grauten sett seg, og laget har tatt sju poeng på dei tre siste kampane i eliteserien. Sundag ventar rivalen frå nabobyen, Sandnes Ulf.

Seksar til Nisja sin havregraut

– I alle klubbar eg har vore, har eg vore oppteken av at spelarane skal eta. Her i Norge, der alle elskar brødskiver har det alltid vore eit lite problem. Men dette er bra til å få fart i spelarane om morgonane, seier Jonevret.

Spelarane rullerer på kven det er som lagar grauten klar kvar morgon.

Torsdag var det Vidar Nisja som var den heldige. Han var godt nøgd med resultatet han fekk til.

– Om eg skal gje grauten terningkast må det bli ein soleklar seksar, seier Nisja, medan Andre Danielsen slurpar i seg graut og samtykker.

Kjell Jonevret

Den nye Viking-trenaren, Kjell Jonevret, meiner det er bra at spelarane får i seg graut i brødskivelandet Norge.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK