Hopp til innhold

Klar tale frå esela: – Viking blir det beste laget i Rogaland

I årets eliteseriesesong har Rogaland med heile tre lag. Inspirert av blekkspruten Paul, har NRK Rogaland bedd tre esel om å tippa korleis Haugesund, Sandnes Ulf og Viking vil klara seg i 2012-sesongen.

Blekkspruten Paul

Blekkspruten Paul føresåg åtte av åtte VM-kampar i Tyskland. Nå er den framsynte blekkspruten død.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

I dag startar eliteserien i fotball, noko som vil sei at dei fleste ekspertane nå har spådd utfallet av sesongen.

Lar heller esel tippa utfallet

Slike ekspertvurderingar viser seg likevel ofte å slå heilt feil. Men under VM i Tyskland i 2010 var det ein ekspert som aldri tippa feil. Han var ein blekksprut med namn Paul.

Derfor har NRK Rogaland, i mangel av ein blekksprut, bedd tre esel om å tippa korleis Haugesund, Sandnes Ulf og Viking vil gjera det i eliteserien 2012.

(Artikkelen fortsetter under videoen.)

Video Seriestart

Foto: Thomas Ystrøm

Med kvart sitt supporterskjerf rundt halsen blir esela stilte framføre seksten mathaugar, som kvar representerer ei plassering i eliteserien.

– Eselet på 24 år får Viking-skjerfet, sidan Viking har mest erfaring i eliteserien. Sjuåringen får FKH-skjerf, medan nykomaren på berre eitt år får seg eit lyseblått Sandnes-skjerf rundt halsen, seier Bjørn Olav Skjæveland frå NRK Rogaland, som ser etter at alt går riktig føre seg på garden på Ullandhaug.

Så er det berre å la esela gjera jobben sin.

Høyr korleis det heile arta seg her:

Dommen

Det gjekk ikkje lang tid før esela fann kvar sin mathaug. Og talen frå ekspertane er klar.

Viking blir Rogaland sitt lag nummer ein, og hamnar til slutt på ein sjetteplass på tabellen.

I hælane til Viking finn ein Sandnes Ulf på ein niandeplass. FKH blir i år det tapande laget, og må kjempa i nedrykksstriden. Dei hamnar på 13. plass til slutt.

Her kan du samanlikna esela sin spådom med fotballekspertar sin:

Slik er skilnaden i tippinga

Klubb

Esel

NRK-ekspertar

Viking

6. plass

9. plass

Sandnes Ulf

9. plass

15. plass (nedrykk)

Haugesund

13. plass

11. plass