Erstatning for straumbrot
Hytteeigarar i Sirdal får betalt 125 kroner, dersom straumbrotet var på over 12 timar sist helg. Ut over 12 timar blir erstatninga 10 kroner i timen. Erstatninga kan ikkje bli høgare enn venta nettleige for heile året, opplyser Agder Energi Nett.