To personar erkjenner korrupsjon mot Statoil

I over sju år skal Statoil ha blitt tappa for fleire millionar kroner som følgje av falsk fakturering. To av dei tre tiltalte i saka erkjenner bestikking og grov korrupsjon.

Korrupsjonssak Stavanger

Aktor Espen Haug frå Økokrim fortalte i retten i dag at politiet gjorde ei stor ransaking i samanheng med korrupsjonssaka i desember i fjor. Dommar i saka er Ragnhild Olsnes.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fire representantar frå Økokrim møtte opp i Stavanger tingrett då korrupsjonssaka, som skal ha kosta Statoil fleire millionar kroner, byrja i dag.

Det var i august i år blei det kjent at ein innleigd statoilkonsulent er tiltalt av Økokrim for grov korrupsjon .

Konsulenten, og to andre personar frå ein underleverandør til Statoil, skal ha tappa fleire millionar frå Statoil ved hjelp av falsk fakturering. Dei fakturerte Statoil for utlån av spesialutstyr til oljeindustrien, såkalla PVT-flasker.

Erkjenner straffskuld

Statoil sitt erstattningskrav er på om lag fem millionar kroner.

Totalt skal konsulenten ha mottatt om lag sju millionar kroner i bestikking for å godkjenna dei falske fakturaene frå underleverandøren som held til i Stavanger.

Den daglege leiaren for underleverandøren er i tillegg tiltalt for kvitvasking av pengane dei urettsmessig tileigna seg.

Både konsulenten som jobba for Statoil og den daglege leiaren i underleverandøren, erkjende begge straffskuld i retten i dag.

Den siste av dei tre, som er tiltalt for å ha tilbydd bestikking til statoilkonsulenten, hevdar at han ikkje er skuldig.

Omfattande ransakingar

Aktor i saka, Espen Haug, kunne i retten fortelja at politiet gjorde omfattande ransakingar på adresser i Stavanger og Bergen i desember i fjor. Dette skjedde ein månad etter Statoil hadde meldt frå mistanke om fiktive fakturaer.

Der blei det mellom anna henta inn datautstyr til å sikra Økokrim bevismateriale i saka.

Saka vil gå over tre veker i Stavanger tingrett.