– Eg er supernervøs, dette er noko av det skumlaste eg nokosinne har gjort. Eg veit ikkje kva eg skal gjera, det er eigentleg berre å halda seg fast og hengja med.
#ObamaMeetTheKids
14 år gamle Erika Gjelsvik frå Stavanger er ein av fire unge polfararar som på fredag reiser til klimatoppmøtet i Paris for å halda eit føredrag om sine opplevingar i NRK-produksjonen «Oppdrag Nansen».
Før turen til Paris er dei samla i Oslo for å førebu føredraget. Der stod norske toppolitikarar
med dei unge polfararane. Men Erika håpar på større fisk enn som så.– Eg håpar å få snakka med Barack Obama og Angela Merkel. Dei er veldig mektige verdsleiarar. Med ein gong dei høyrer på oss, så er det veldig mange fleire som høyrer på oss også. Då får me spreidd kva me står for og kva me vil, seier ho.
DRAUMEMØTET: President i USA, Barack Obama, talar til klimatoppmøtet i dag, fredag.
Foto: Michel Euler / Ap– Kva vil du ta opp med Obama, dersom du skulle vera så heldig?
– At klimaendringane skjer no, at me må ta tak no. At born og unge må vera meir obs på kva som skjer med klimaet, me veit for lite.
- LES OGSÅ:
NOREGS YNGSTE POLFARARAR: Den 21. april nådde ekspedisjonen fram til Nordpolen.
Foto: Håvard Gulldahl / NRKFå som får denne moglegheita
– Trur du at dei kjem til å høyra på deg?
– Eg håpar verkeleg at dei kjem til å høyra på oss. Eg tenkjer at 14-åringar med rosa jakker, det vekkjer nok merksemd frå før av. Når me då har ein så sterk bodskap som me har, så trur eg at mange kjem til å høyra på oss.
– Skjønar du eigentleg kor stort det du er med på er?
– Nei, eg tykkjer eigentleg det er litt utruleg. Det er veldig få som får moglegheita til å gjera dette. Eg føler meg veldig heldig.