Hopp til innhold

Han kan bli første nordmann til å segle åleine til Grønland

Erik Aanderaa skal leggje ut på eit eventyr som ingen andre har gjort før. Han skal segle til Grønland, heilt åleine.

I denne båten skal Erik Aanderaa seile til Grønland

Erik Aanderaa forlèt Noreg i rett over ein månad for å oppnå draumen.

Foto: Erik Aanderaa

– Det viktigaste blir å ha med seg varme klede, og godt med mat og drikke.

Erik Aanderaa gjer seg klar til tur. Men det er ikkje ein tur for kven som helst.

Turen går nemleg til frå Haugesund til Grønland, og det i seglbåt. Planen er å starte denne helga.

Eit eventyr

Å segle frå Noreg til Grønland har nokon gjort før han, men ingen skal ha tatt ut på ein slik tur åleine. Dermed er det mogleg at Aanderaa blir første nordmann til å segle strekninga heilt åleine.

– Det er noko med å gå vegen vikingane gjorde. Dra vestover og sjå om du klarer det. Dei gjekk berre ut og prøvde utan å vite kva dei gjekk til. Det er derfor dette blir eit eventyr og så utruleg, seier seglaren.

Å vere mutters åleine på tur, og spesielt på havet, kan nok verke skummelt for mange. Men for Aanderaa er ikkje farvatnet heilt ukjend. I fjor skulle han eigentleg også segle til Grønland, men kom ikkje fram på grunn av all isen.

Erik Aanderaa i seilbåten som skal til Grønland

Her kan Erik Aanderaa slappe av undervegs. Og skjermen viser korleis stoda er på havet.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

No er isen vekke, men hausten og mørkare kveldar er likevel på veg. Derfor har han auka sikkerheita ved hjelp av ulike kamera.

– No kan eg liggje i cockpiten og slappe av og følgje med på kamerabilda.

Følelse av meistring

– Grønland er Svalbard på steroid. Det er eit spennande område å utforske, og det er få som har vore der. Så gir det ein enorm meistringsfølelse, i alle fall på den avstanden.

Det seier Jon Amtrup. Han er ansvarleg for tursegling i Norges seilforbund, og ein driven seglar sjølv.

Han har aldri høyrt om nokon andre nordmenn som har segla åleine til Grønland før.

Sten Helberg og skipper Jon Amtrup

Jon Amtrup synest Aanderaa er ein dyktig og erfaren seglar.

Foto: EMIL JOHANSEN / NRK

Amtrup har stor tru på Aanderaa sitt eventyr, men forstår at ein slik tur ikkje er kvardagskost.

– Det er ikkje berre å henge opp ein lapp heime og segle til Grønland åleine. Det er mykje ansvar, og eit prosjekt som tek lang tid både med førebuing og sjølve turen. Det krev sitt.

Vêret er sjefen

Cirka to og ei halv veke trur Aanderaa at han vil bruke på sjøvegen til Grønland.

Erik Aanderaa skal seile frå Haugesund til Grønland

Erik Aanderaa er klar for over ein månad til havs.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Shetland, Færøyane og Island er stoppestadar før han kjem til målet. Viss vêret er på den vennlege sida.

– Det er vêrmeldinga som driv alt. Då kan eg leggje opp ruta på tryggast måte.

– Kor går grensa?

– 40 knop vind, altså liten storm i kasta. Då begynner båten å bli liten og bølgjene for store. Eg har prøvd det før, men ser at det då begynner å bli farleg.

Etter avgang frå Haugesund går turen innom Lerwick på Shetland, Thorshavn på Færøyane, Reykjavík, Olavsvik og Isafjord på Island, før målet Ittoqqortoormiit på Grønland. Heimover er mellomstoppet Jan Mayen før heimkomst i Haugesund.

Flere nyheter fra Rogaland