– Det er jo ein del av helsa, så det burde vere gratis, seier Erik Bauge.
Han har hatt tannregulering i eitt år no. Prisanslaget han har fått er på 30.000 kroner.
– Det er trist. Behandling på sjukehus er gratis, så då burde jo også tannhelse vere det, seier han.
Erik sine foreldre betaler for behandlinga. Staten dekkjer 40 prosent, men eigendelen er altså på 30.000 kroner.
Dei som har eit behov for tannregulering blir vist til spesialist (kjeveortoped) for vidare utgreiing og behandling. Kjeveortopeden tek den endelege avgjerda om behandlingsbehovet.
Foto: Simon Elias BogenStøtte frå staten
Det blir nemleg gitt refusjon for tannregulering til barn og unge inntil året pasienten fyller 22 år.
Storleiken på støtta varierer frå 40 til 100 prosent avhengig av kor alvorleg feilen ved bitet til pasienten er.
Kjeveortopedar har fri prissetjing, og kan derfor ta meir betalt for behandlinga enn det den statlege støtta dekkjer. Det er Helfo som gir støtta.
Det betyr at pasientane må rekne med å måtte betale noko av behandlinga sjølv, også dei som har rett til 100 prosent støtte.
Mindre hjelp
– Refusjonane er redusert dei siste 15 åra, seier Eirik Torjuul Halvorsen.
Leiar i Norsk Kjeveortopedisk foreining, Eirik Torjuul Halvorsen. Han har ikkje tal på om det har vorte dyrare å få tannregulering dei siste åra.
Foto: PrivatHan er leiar i Norsk Kjeveortopedisk foreining (NKF).
I tillegg seier han at refusjonen for enkelte verktøy og arbeidsoppgåver under reguleringsbehandlinga har vorte fjerna heilt.
Sjølv om prisane på alt rundt oss har auka dei siste år, a har altså støtta frå staten til tannreguleringspasientar vorte mindre.
I 2015 vart det gitt 580 millionar kroner i støtte. I 2022 var summen 500 millionar kroner.
Leiaren i NKF seier kostnadene for tannreguleringsbehandling i Noreg ofte ligg rundt gjennomsnittet i Europa.
– Behandlinga strekkjer seg over lang tid. Det krev tett oppfølging gjennom heile forløpet med intervall som varierer mellom to til seks veker, seier Halvorsen når han blir spurd om kvifor prisen er så høg.
Skal gå gjennom tannhelsefeltet
Ellen Rønning-Arnesen er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet. Ho seier Regjeringa har utnemnt eit offentleg utval som skal gå gjennom tannhelsefeltet.
– Formålet er å leggje fram ulike modellar for tannhelsetenesta som kan bidra til betre tilgjengelegheit og betre ordningar. Mellom anna innan eigendelen for tannregulering.
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ellen Rønning-Arnesen. Ho seier regjeringa har ambisjonar på tannhelsefeltet.
Foto: StortingetDepartementet har gitt Helsedirektoratet i oppgåve å greie ut alternative tilnærmingar til organisering og finansiering av kjeveortopedi for dei med størst behandlingsbehov.
– Fri prissetjing
President i Den norske tannlegeforening, Heming Olsen-Bergem, peikar på to faktorar som bestemmer pris på tannregulering.
– Ved store og kompliserte bitavvik vil behandlinga kunne bli lengre og dyrare. I tillegg er det fri prissetjing hos kjeveortopedane, seier han.
Heming Olsen-Bergem er president i Den norske tannlegeforening.
Foto: Kristin AksnesDet seier han kan skape store prisforskjellar.
– To personar med likt behandlingsbehov kan behandlast på heilt ulike vis, seier Olsen-Bergem.
Tannregulering er altså ikkje ein del av det ordinære tilbodet til barn og unge i den offentlege tannhelsetenesta. Der er det gratis til du fyller 18 år.
– Samanlikn prisar
Forbrukarjurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet seier det er lurt å samanlikne ulike kjeveortopedar.
– Be om pristilbod frå fleire før du bestiller. Du bør også sjekke at tilboda er samanliknbare, seier han.
Forbrukarjurist i Forbrukarrådet, Thomas Iversen. Han meiner det er viktig å samanlikne prisar før du set deg i tannlegestolen.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / Erlend Dalhaug DaaeVidare nemner han at tannlegen uoppmoda skal gi deg eit skriftleg pristilbod dersom totalpris for behandlinga overstig 5000 kroner.
50 prosent har tannregulering
Ei undersøking frå SSB i 2021 viste at nær halvparten av dagens 20-åringar har hatt tannregulering.
NRK møter Emil André Hansen like etter han har fjerna tannreguleringa.
– Det kjennest deilig, men det er dyrt.
– Det kosta mellom 20 og 30.000 kroner, seier han.
Merke den høge prisen
Faren til Erik som får tannreguleringsbehandling, seier han merkar innhogget i lommeboka.
– Det er dyrt, men det er jo sånn det er i dag, seier Jan Erik Bauge.
Han er samd med Erik og håpar tannregulering blir gratis framover.