Hopp til innhold

Er kjærleik og restaurantdrift den perfekte Michelin-oppskrifta?

Fellestrekket mellom fleire av restaurantane som utmerker seg i Michelin-guiden i Stavanger, er at restauranteigarane er livspartnarar og kollegaer.

Ola Klepp (t.v) og Elisabeth Kress (t.h) driver restauranten K2. Mens samboerparet i midten, Daniel Vigdel Hansen og Rakel Juklestad Helgheim diver Bravo i samme gate.

MICHELIN-SUKSESS: Ola Klepp (til venstre) og Elisabeth Kress (t.h) driv restauranten K2. Medan sambuarparet i midten, Daniel Vigdel Hansen og Rakel Juklestad Helgheim, diver Bravo i same gate.

Foto: Odin Omland / NRK

Eg trur definitivt det er det som har gitt oss suksess og fått det til å gå rundt, seier Elisabeth Kress, dagleg leiar for restauranten K2 i Stavanger, som nyleg fekk den første Michelin-stjerna si.

Kress og ektemannen Ola Klepp eig og driv restauranten saman. Dei er like opptekne av berekraftig mat på jobb som dei er heime.

Det hadde ikkje gått utan å vere saman, trur eg, seier Kress.

Ektemannen er samd og meiner at dottera på tre år er med på å gi dei ein sunn balanse i kvardagen.

Det gjer at vi blir tvinga til å ikkje jobbe oss i hel. Vi har ikkje høve til å vere her begge to alltid. Då går vi ikkje sånn i tottane på kvarandre, og det er bra, seier Klepp.

Eit anna stjernepar er restauranteigarane som driv Renaa, som beheld dei to Michelin-stjernene sine i år.

Les også: Disse nye restaurantene får stjerner i årets Michelin-guide

De ansatte på restaurant K2 i Stavanger fulgte med på prisutdelingen fra en lokal pub i Stavanger. F.v: Eirik Sørbø, Kenneth Laupstad, Alan Pedersen, Elias Are-Ekstrøm og Jens Müller.
De ansatte på restaurant K2 i Stavanger fulgte med på prisutdelingen fra en lokal pub i Stavanger. F.v: Eirik Sørbø, Kenneth Laupstad, Alan Pedersen, Elias Are-Ekstrøm og Jens Müller.

Tidleg lagt merke til

I nabolokalet til K2 ligg restauranten Bravo, som blir drive av sambuarparet Rakel Juklestad Helgheim og Daniel Vigdel Hansen. Det blei inga stjerne på dei, men dei blir nemnde i guiden for aller første gong.

At vi blei nemnde etter så kort tid er veldig stas, seier Helgheim.

Bravo opna i oktober 2022- Dermed har restauranten berre vore i drift i vel åtte månader.

Det blir automatisk mykje meir gjester. Dei anerkjenner det vi har stått så hardt på for å oppnå, seier Hansen

Daniel Vigdel Hansen og Rakel Juklestad Helgheim driver restauranten Bravo.

Daniel Vigdel Hansen og Rakel Juklestad Helgheim driv restauranten Bravo saman.

Foto: Odin Omland / NRK

Mat- og reisebloggar Anders Husa driv ein av Skandinavias største bloggar om restaurantar, mat og reise. Han ser fordelen med å vere to om jobben.

Å drive restaurant er ufatteleg hardt arbeid med lange arbeidsdagar og små marginar som krev stor innsats. Då kan det nok vere ein fordel å vere to om det, seier han.

Han kan også sjå for seg at det er tøft å vere saman med nokon som jobbar i denne bransjen, viss ein sjølv har ein ni-til-fire-jobb. Medan partnaren kjem heim langt over midnatt.

Blogger Anders Husa har over 100.000 følgere på Instagram. Sammen med samboer og kollega Kaitlin Orr reiser han verden rundt for å anmelde restauranter.

Bloggar Anders Husa har 119.000 følgjarar på Instagram @andershusa. Saman med sambuar og kollega Kaitlin Orr reiser han verda rundt for å melde restaurantar.

Foto: Jason Henry

I arbeidet sitt reiser han verda rundt saman med sambuaren og kollegaen sin Kaitlin Orr. Dei møter ofte par som driv suksessrike restaurantar på høgt nivå.

I København har du til dømes Lykke & Rasmus på Alchemist, som har to stjerner. Eric & Tina på Jordnær har to stjerner, og Nick & Camilla på Alouette har éi stjerne.

Vi ser også mange som møter partnaren sin i bransjen, men som kanskje finn ut at det er best å jobbe ulike stader, seier Husa.

Booking i taket

Michelin-stjerna betyr også at bookingsystemet er fullt hos K2.

Bookinga har gått i taket, seier Kress.

Dei har merka dyrtida samfunnet er inne i. Bookingsystema var ikkje like fulle i år som i fjor, før dei no fekk stjernemerkinga som endra alt.

Den raude stjerna er med til å bidra til at vi kan køyre det konseptet vi ønskjer her, seier ho ivrig.

Ola Klepp viser stolt fram sin nye uniform med Michelin-merket på.

Ola Klepp viser stolt fram den nye uniforma si.

Foto: Odin Omland / NRK

Les også: Fire nye restauranter med én stjerne

Alle vinnerne av ny en-stjerne i den nordiske Michelin-guiden 2022.
Alle vinnerne av ny en-stjerne i den nordiske Michelin-guiden 2022.

Nasjonal anerkjenning

Dette har også veldig mykje å seie for Stavanger som matby og heile regionen, meiner Maren Skjelde, festivalsjef for Gladmatfestivalen.

Maren Skjelde, festvalsjef Gladmat

Maren Skjelde, festivalsjef Gladmat.

Foto: Tord F Paulsen/Gladmat

Det gir ei nasjonal anerkjenning, og det er eit ekstra løft for dei som jobbar i næringa. Det gir ekstra prestisje til næringa, og det gir publikum endå større kjennskap til alt det gode som finst, meiner Skjelde.

Matekspert Anders Husa meiner stjernedrysset gjer Stavanger til ein av dei aller mest spennande matregionane i Noreg for tida.

Han trur i tillegg stjernene vil føre til meir gastro-turisme til området. Han ser heller ikkje bort frå at det kan bli fleire Michelin-stjerner til byen.

Eg meiner også at Tango er ein soleklar stjernekandidat no, så du skal ikkje sjå bort frå at det snart blir fleire stjerner. I tillegg er det så mange andre fantastiske restaurantar som ikkje har Michelin-stjerner som mål, men som leverer utrulege mat- og drikkeopplevingar.