Equinor vil minke karbonintensitet

Equinor lovar i ei pressemelding å omstille selskapet raskare enn tidlegare meldt. Dei presenterer ein ambisjon om å redusere netto karbonintensitet med 40 prosent innan 2035.

Innan 2050 har dei planar om å bli klimanøytrale. Dei skal også investere 200 milliardar kronar i fornybar energi.