Hopp til innhold

Elon Musk i Stavanger: – Vi treng meir olje og gass, ikkje mindre

Tesla-eier Elon Musk sa at han er i Noreg fordi landet har støtta det grøne skiftet i mange år. Likevel meiner han at ein framleis bør leite etter meir olje.

Tesla-gründer Elon Musk sa at han er i Noreg fordi landet har støtta det grøne skiftet i mange år. Likevel meiner han at ein framleis bør leite etter meir olje.

Elon Musk er med å opne ONS i Stavanger.

Eg trur på tillit og gjennomsiktigheit, sa Elon Musk.

Slik opna han sin tale på energimessa ONS i Stavanger i dag.

Frå talarstolen understrekar han, trass i å ha blitt verdas rikaste mann mellom anna ved å selje elbilar, at han ikkje trur oljealderen er over.

Eg trur vi nett no treng meir olje og gass, ikkje mindre.

Likevel er han klar på at ein må byrje bevege seg vekk frå det å vere avhengig av ikkje-fornybar energi.

Musk var glad for å høyre statsminister Jonas Gahr Støre, som var på talarstolen før han, prate om Noreg si satsing på havvind.

Det er eit massivt, utappa potensial i det, sa Musk.

Medan Musk var på scenen, blei presseområdet på ONS evakuert. Det er aksjonistar som har utløyst brannalarmen.

Tesla-sjef Elon Musk hyllet elbilsalget i Norge på energikonferansen ONS i Stavanger. Samtidig understreket han behovet for olje og gass på kort sikt.

Tesla-sjef Elon Musk sa at ein må behalde olje og gass-industrien, men at ein må utvide mellom anna havvind på norsk sokkel.

Meiner fornybar energi er ein risiko

Musk er kjend som ein eksentrisk riking.

Frå å produsere flammekastarar berre for gøy, å lage biltunnelar med parkeringsheisar til å skape aksjekaos ved å gjere heilomvending om Twitter-kjøp – han overraskar og skaper overskrifter.

Difor fekk han under talen spørsmål om han var glad i å ta risikoar, då med tanke på hans engasjement for elektrifisering av transport.

– Nokre ting er risikable, men om det som står på spel er viktig nok, so tek du den risikoen, sa Musk.

Xenia Wickett, som leia samtalen med Tesla-gründeren, spurde om risikoen ved å satse på nye energikjelder er verd det.

– Det mest risikable ville vore å ikkje handle, svarar han.

Elon Musk blir intervjua under ONS 2022

Musk vert intervjua av Xenia Wickett som har moderert fleire store messer og konferansar. Temaet for heile opningsarrangementet var tillit.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Takksam for norsk elbil-støtte

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, kronprins Haakon og statsminister Jonas Gahr Støre står alle på talarlista når ONS 2022 opnar i Stavanger i dag.

Ved sidan av Zelenskyj er nok Musk personlegdommen på programmet som vekker mest oppstyr.

– Eg kom hit i takksemd for det norske folk si støtte til elektriske køyretøy. Så eg vil seie takk til det norske folk for dykkar støtte til berekraftig transport gjennom mange år, sa han då han kom til messeområdet.

Han trekk fram Noreg som eit føregangsland, då to av tre nye bilar er elektriske. California i USA vil forby salet av fossile bilar i 2035. Det same gjer Storbritannia fem år etter det.

Musk meiner alt dette tydeleg peikar på at verda vil satse på fornybare energikjelder framover.

– Det er klart at jordas befolkning har bestemt seg.

ONS 2022

Store politistyrker, samt bombehundar, brannvesen og privat tryggleiksteneste er til stades på messa, då mange store namn er venta.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Privatflyet til Elon Musk på Sola

Elon Musk kom i privatfly og landa på Sola klokka 09.20.

Foto: Even Hye Tytlandsvik Barka / NRK
Elon Musk på ONS 2022

Musk kom til Noreg timar før han skal på talarstolen i Stavanger.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Musk sa at han vil snakke om energiverda i framtida medan han er i Noreg:

– Eg trur eg skal svare på nokre spørsmål og sette fram nokre idear for overgangen til ein berekraftig energiverd. Men som eg sa: Grunnen til at eg er her, er i takksemd for det norske folk si støtte til elektriske køyretøy. Så tusen takk for det.

Musk sitt selskap Tesla produserer fleire av dei mest populære nye bilane nordmenn kjøper. I fjor vart det kjøpt over 20.000 Tesla-bilar i Noreg.

Les også Her taler Zelenskyj til ONS: – Behov for en politikk som forener Europa

Zelenskyj taler til ONS 2022

Kan ikkje droppe olje og gass – enno

Messa han deltek på har opphavleg vore ei rein olje- og gassmesse, men nå er ho ei energimesse. Musk meiner vi framleis treng olje og gass – på kort sikt.

Elon Musk kjem til ONS i Stavanger

Tesla-eieren sa at nordmenn si støtte av elektrisk transport er ein av hovudgrunnane til at han kjem til ONS.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Elles vil sivilisasjonen smuldre opp. Eg trur kvar ein oppegåande person vil konkludere med det, sa han.

– Bør Noreg utforske meir?

– Eg trur det er naudsynt med noko utforsking nå. Og samstundes fortsette støtta til overgangen til elektriske køyretøy. Eg lurer på om det er mogleg for Noreg å kanskje produsere meir kraft frå vatn og vind og kanskje eksportere det til Sør-Europa.

Musk snakka også om moglegheitene som ligg i vinden i Nordsjøen, og at vindkraft kan bli lagra i batteri som blir kraftressursar om vinteren.

Ifølge ONS-sjef Leif Johan Sevland er det også blant utstillarane nå eit mykje større fokus på fornybar energi, enn det var sist gong ONS blei arrangert for fire år sidan.

Leif Johan Sevland

Leif Johan Sevland (t.h.) har vore ONS-sjef sidan 2010.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK