Hopp til innhold

Elevar: – Skulane gir forskjellige karakterar

Elevar påstår at det er enklare å få gode karakterar på visse vidaregåande skular i Rogaland. – Det kan skje, men ein femmar skal vera ein femmar, svarer rektoren på Hetland vidaregåande.

Hetland videregående skole

Elevar meiner det er lettare å få gode karakterar på for eksempel Hetland vidaregåande, enn andre skular. Rektoren ved Hetland avviser dette, men seier det sjølvsagt kan vera unntak.

Foto: Tom Edvindsen

– På Kongsgård gjekk eg ut med ein firar i norsk og ein veldig svak femmar i matte. Sist veke fekk eg tilbake to prøvar, i norsk og matte, i begge faga hadde eg gått opp, seier Øivind Bogen (17).

Han går i andre klasse på Hetland vidaregåande i Stavanger og meiner det er lettare å få gode karakterar der enn på Kongsgård, kor han gjekk i fjor.

Øyvind Bogen

Øyvind Bogen meiner det er lettare å få gode karakterar på Hetland enn Kongsgård.

Foto: Johan Mihle Laugaland

– Eg har ikkje gjort noko for å få betre karakterar. Eg jobba sjølvsagt med norskinnleveringa før eg leverte den inn, men eg har ikkje utvikla meg på ein sommarferie og nokre veker på skulen, seier 17-åringen.

Andrea Lorentsen gjekk tidlegare på Sola vidaregåande. Nå går ho på St. Olav i Stavanger.

– Eg gjekk på Sola vidaregåande i ein månad. Der var det ganske lett å få femmarar, men her på St. Olav er det kjempevanskeleg. Det er veldig forskjellig, meiner ho.

– Eg er nesten heilt sikker på at elevar får betre karakterar på Randaberg og Hetland fordi det er lettare å komma inn der, seier ein annan elev til NRK.

Rektor avviser forskjellar

Rektor ved Hetland vidaregåande, Torolv Hellemo, studerer fjorårets eksamensresultat. Etter 24 år som rektor har han høyrd det før – at på enkelte skular er det lettare å få femmarar og seksarar.

Torolv Hellemo

Torolv Hellemo, rektor Hetland vidaregåande skule.

Foto: Johan Mihle Laugaland

– I hovudsak er det ikkje noko i dette, men sjølvsagt kan det vera unntak. Me har så tett samarbeid mellom skulane, me har normer for korleis karakterane skal setjast, og spesielt på studiespesialisering er veldig mange av eksamenane vurderte av uavhengige sensorar, seier rektoren og legg til:

– Våre lærarar er også sensorar utanfor vår skule og får justert sitt nivå i forhold til både kollegaer i vårt fylke, men og i andre fylke.

Men elevar som har gått på forskjellige skular, fortel at det blir gitt ulike karakterar for same arbeid.

– Mest synsing

Elevar St. Olav

Andrea Lorentsen (f.v.), Elise Jensen, Amalie Sortland og Ena Sofo går alle går andre året på St. Olav. Dei merkar karakterforskjellane på skulane.

Foto: Johan Mihle Laugaland

Tale Logan har tidlegare gått på Vågen vidaregåande i Sandnes. Nå er ho elev på private Noroff. Ho trur karakterane kjem mest an på lærarane, ikkje kva skule ein går på.

– At enkelte skular lettare gir betre karakterar enn andre, blir mest synsing. Det er jo ikkje faktabasert i det heile, seier ho.

Skulane passar på kvarandre, fylkeskommunen passar på skulane og Utdanningsdirektoratet samanliknar eksamens- og standpunktkarakterar.

– Me har og innført ein praksis kor lærarane kryssrettar. Det vil seia at gjerne to lærarar rettar same prøve, utan at dei veit kva den andre kjem fram til, for å sjå om nivået er likt, seier Hetland-rektor Torolv Hellemo.