Hopp til innhold

Rektor om narkotest: – Me har handla i god tru om at det er lovleg

Nyleg fekk elevar som bur på internatet til Lundeneset vgs. i Ølensvåg beskjed om å ta narkotikatest. Utdanningsdirektoratet reagerer.

Lundeneset vgs. i Ølensvåg

Lundeneset vgs. i Ølensvåg i Rogaland.

Foto: Lundeneset vidaregåande skule

«Ved mistanke om bruk av rusmiddel, kan skolen be om at nødvendige prøver blir tatt.»

Dette sitatet er henta frå internatreglementet til den kristne vidaregåande skulen Lundeneset i Ølensvåg (ekstern lenke).

Den siste tida har også skulen nytta seg av denne «retten», noko rektoren på skulen bekreftar.

– Tilsette ved skulen bad elevar om å ta ein urinprøve, det stemmer det, seier Gustav Løge Fosse.

Kan vera ulovleg

Dette er eit utsegn som får styreleiar i organisasjonen Normal Norge, André Nilsen, til å reagera.

André Nilsen

André Nilsen er styreleiar i organisasjonen Normal Norge, som jobbar for reform av marihuanalovgjevinga.

Han er klokkeklar på at praksisen er ulovleg.

– Det er ulovleg fordi det er krenkande og audmjukande. Ulovleg tvangsmiddelbruk er maktmisbruk, seier styreleiaren for organisasjonen som jobbar for reform av marihuanalovgjevinga.

Han vurderer derfor å melda saka til Statsforvaltaren i Rogaland.

Men det er ikkje berre frå interesseorganisasjonar reaksjonane kjem. Også Utdanningsdirektoratet er tydelege.

– Friskular har ikkje heimel til å krevja rustesting av elevar, seier avdelingsleiar ved Utdanningsdirektoratet, Einar Simonsen Plahter.

Han meiner at det ikkje er spesielt relevant for saka at skulen gjer eit skilje mellom internatreglane og skulereglane.

– Friskulelova gjeld skuledrift, og ikkje drift av internat. Me kan likevel ikkje sjå at det er lovheimel eller større moglegheit for rustesting av elevar som bur på skulen sitt internat, seier Simonsen Plather.

Han legg til at det er styret ved skulen som er ansvarleg for å følgja regelverket, og dei må kunne vise til at dei har rettsleg grunnlag for eventuelt å gjennomføra rustesting.

Internatet ved Lundeneset vgs. i Ølensvåg

Elevane som bur på internat på skulen fekk beskjed om å ta narkotikatest.

Foto: Lundeneset vidagegåande skule

Eit samarbeid med politiet

Ifølgje rektor Gustav Løge Fosse kontaktar skulen politiet når det er mistanke om rus.

– Det er uhyre viktig for oss at det er politiet som styrer prosessen, og at dette byggjer på at det er frivillig, seier han.

Men heller ikkje politiet kan utan vidare gjennomføra ufrivillige testar. Det blei gjort tydeleg i eit brev frå Riksadvokaten i april i fjor (ekstern lenke).

Her står det at politiet ikkje kan gjennomføra tvungen narkotikatesting som urin- eller blodprøve av personar, dersom den einaste hensikta er å bekrefta mistanke om narkotikabruk åleine.

Til NRK avviser politiet blankt at dei har gjennomført testar ved tvang ved Lundeneset vgs. Dei seier også at dei ikkje har tatt imot testane som skulen bad elevane om å ta.

Dei seier likevel at dei ønsker å jobba førebyggande mot rus, og at dei samarbeider med skular om dette. Dei tilbyr mellom anna ungdom ei frivillig urinprøve-ordning dersom det er mistanke om rus.

Men dei slår fast følgjande:

– Politiet tar ikkje rusprøvar på oppdrag frå skular, men gjer sjølvstendige vurderingar ut frå eigne undersøkingar, seier politikontakt i Etne og Vindafjord, Kristine Haraldseid Strand.

Har skrive under regelverket

Elevane har skrive under på ei kontrakt der reglane med testing står omtalt. Men ifølgje Utdanningsdirektoratet kan ei slik kontrakt i seg sjølv vera problematisk.

– Det problematiske kan vera at elevane trur at dei har samtykka til rustesting og ikkje er klar over dei sterke avgrensingane som skulane må forholda seg til ved bruk av samtykke, seier Simonsen Plather.

Rektor på Lundeneset seier til NRK at dei kan ha kommunisert dårleg med elevane.

– Nokon har tydelegvis opplevd at det ikkje er frivillig, seier han.

Gustav Løge Fosse

Gustav Løge Fosse er rektor ved Lundeneset vidaregåande skule.

Dei vil med bakgrunn i denne saka sjå på ordlyden i reglane sine.

– Me er jo opptatt av å følgja lovar og reglar. Men me kjenner jo ei uro viss me ikkje skal kunne jobba for å ha eit rusfritt miljø på skulen, seier Løge Fosse.

Vil spela på lag

Uansett så er det viktigaste, ifølgje rektor Gustav Løge Fosse, å ta best mogleg vare på elevane.

– Me ønsker å spela på lag med dei som eventuelt kjem borti narkotika, og ta vare på dei. Fokuset vårt handlar ikkje om straff, seier han.

Ifølgje Normal, som vil melde dette inn til Statsforvaltaren, så bryt de lova. Kva seier du til det?

– Då vil eg berre seia at me har handla i god tru om at dette er lovleg, og at me sjølvsagt må undersøka saka nærmare. Dersom det ikkje er lovleg stiller me jo spørsmålsteikn til korleis me kan vareta eit trygt og rusfritt miljø, seier Fosse.

Internatet ved Lundeneset vgs. i Ølensvåg

Lundeneset har kring 180 elevar og dei fleste av dei bur på internat.

Foto: Lundeneset vidaregåande skule

Statsforvaltaren gjer førebels ikkje noko

Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør i Rogaland.

Ho seier at ho så langt har fått ei førespurnad som handlar om at elevar ved skulen må gi frå seg urinprøve. Den kom tysdag.

Ho seier at det for Statsforvaltaren per nå ikkje er aktuelt å gjera noko spesielt med tanke på denne førespurnaden.

– Det er Utdanningsdirektoratet som fører tilsyn med friskular. I og med at meldinga me har fått er lite konkret, og ikkje kjem frå nokon med direkte tilknyting til skulen, legg me det inntil vidare inn i risikovurderinga vår, seier Skogerbø.

Marianne Skogerbø

Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør i Rogaland.

Foto: Emily Louise Stø / NRK

Kva betyr det at de legg det inn i risikovurderinga dykkar?

– Det betyr at me samlar opp og ser om det kjem inn fleire meldingar knytt til same forhold, og så gjer me ei vurdering av om me skal gjera Udir merksame på eventuell risiko for lovbrot.

André Nilsen i Normal Norge meiner det er på høg tid at slike ting som dette får konsekvensar.

– Både nåverande utdanningsminister og den førre har vore klokkeklar på at det ikkje er lov med rustesting av elevar, avsluttar han.