Manglar lærlingeplassar i oljå

Nedgangen i oljenæringa får no alvorlege konsekvensar for elevar som skal ha seg læreplass frå hausten av. Ved Stavanger Offshore tekniske skule er situasjonen verre enn nokon gong.

Video Oljelærlinger fra Nord-Norge

20 personar står utan læreplass ved Stavanger Offshore tekniske skule. Arkivfoto.

Foto: Nyhetsspiller

– Me har 60 elevar på brønn- og boreteknikk, 20 av dei står utan lærlingplass, seier dagleg leiar i Opplæringskontoret for oljerelaterte fag, Hanne Grethe Kvamsø.

Opplæringskontoret for oljerelaterte fag har aldri tidlegare opplevd at det står igjen elevar på VG2 brønnteknikk i Stavanger utan læreplass.

– Å klara å få læreplass til dei tjue greier me ikkje, seier ho.

Krisemøte

Hanne Grethe Kvamsø i Opplæringskontoret for oljerelaterte fag i Rogaland

Hanne Grethe Kvamsø i Opplæringskontoret for oljerelaterte fag i Rogaland.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Opplæringskontoret for oljerelaterte fag, deira medlemsbedrifter og fylkeskommunen skal ha eit krisemøte i neste veke for å sjå om dei kan finne fram til løysingar for dei som ikkje har fått lærlingplass.

– Kva skal dei gjera?

– Dei vil få tilbod om studiespesialiserande på VG3-nivå. Men det er jo sjølvsagt ikkje noko dei vil, dei vil jo ut i lære. Det er det dei har jobba for. Eit alternativ er også VG3 skule, men i eit lærefag som fører vidare til eit fagbrev. Men det er eit kostbart alternativ, seier Kvamsø.

Bedriftene seier nei

Det er bedriftene som nå seier nei til å ta inn lærlingar.

– Bedriftene har fått nei frå øvste hald. Dei er i ein fase der dei seier opp tilsette, og då er det veldig vanskeleg å ta inn lærlingar i tillegg.

Det er mange elevar som er svært uroa for tida, ifølge Kvamsø.

– Elevane er jo desperate. Dei har veldig lyst på læreplass og har kjempa lenge for å få dette til.

Trass dei dårlege tidene, Kvamø vil ikkje fråråda unge å ta utdanning i brønn- og boreteknikk frå hausten av.

– Det er framleis olje og gass. Me er i ein liten dal nå, men me veit det vil gå opp igjen. Alle bedrifter tar inn lærlingar og veit at om to år treng dei arbeidskrafta.