NRK Meny

ELEVAR PÅ BORE SLEPP BUSSING

1.- og 2.-klassingane ved Bore skule i Klepp slepp å bli bussa til Vasshus for å gå på skule, det avgjorde kommunestyret i Klepp i går, skriv Stavanger Aftenblad. Kommunen må spara over 15 millionar innan 2017, og som ein del av sparetiltaka var å senda dei yngste elevane til Vasshus, medan 3.- til 7.-klassingane ved Vasshus skulle sendast til Bore.