Hopp til innhold

Elevar fekk testa livet offshore

Dei stod utan læreplass i haust, og for elevane på Stavanger offshore tekniske skole har to år offshore blitt bytta ut med eitt år på skulebenken. Men nå har de fått ein unik moglegheit – ei draumeveke på plattform.

Elever offshore

Elevane på VG3 ved Stavanger offshore tekniske skole fekk prøva livet i Nordsjøen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Då eg fekk veta at eg skulle få lov til å reisa offshore så blei eg dødsglad. Eg har drøymt om å få reisa offshore sidan eg var liten, seier Ida Midtbø.

Ida Midtbø

Ida Midtbø er klar på at ho vil ha fagbrev, og koma seg offshore, sjølv om ho ikkje har fått læreplass.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Ho har akkurat landa med helikopter på Stavanger lufthamn Sola etter ei veke på plattforma Gyda.

Ho er elev på VG3 ved Stavanger offshore tekniske skole, og det var ingen sjølvfølge at ho skulle får prøva livet i Nordsjøen. I haust var ho nemleg ein av dei mange som stod utan læreplass. I staden har det blitt eitt år ekstra på skulebenken på Stavanger offshore tekniske skole.

– Det har vore mykje uvisse, og foreldra har sagt at dei kanskje bør tenkja andre yrke, eller kanskje påbygg, seier lærar ved Stavanger offshore tekniske skole, Børge Harestad.

Alle fekk svært godt

For å halda på motivasjonen til elevane har Stavanger offshore tekniske skole strokke seg langt for å gi dei ei relevant opplæring.

Det har så langt vore ein suksess. Dei som gjekk VG3 brønnteknikk her i fjor fekk alle bestått svært godt på fagprøven.

– Det er svært imponerande, seier sekssjonssjef for fag- og yrkesopplæring i Rogaland fylkeskommune, Cathrine Utne-Pettersen.

– Det betyr at skulen har klart å legga til rette eit opplæringsopplegg i samarbeid med bedrifter, der elevane har fått opplæring og jobba på verkeleg utstyr, seier ho.

Totalt har 86 av fjorårets VG3-elevar gått opp til fagprøven. Av desse har rundt 70 prosent bestått.

Større motivasjon

Det var eit samarbeid med selskapet Repsol, som gjorde at årets elevar på Stavanger offshore tekniske skole fekk mogleheita til å reisa offshore i ei veke.

Sondre Forgaard

Sondre Forgaard var svært nøgd med turen til Gyda-plattforma.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Og turen betyr mykje for dei elevane som ikkje har fått seg læreplass.

– Motivasjonen har vore ein berg og dalbane, men etter denne turen gjekk den berre opp med ein gong. Det einaste som kan bli betre no er om karrieren held fram i den retninga, seier elev Sondre Forgaard.

Om det blir nokon karriere offshore i framtida for desse elevane er ikkje sikkert. Men fylkeskommunen har trua.

– Erfaring har vist at etter nedgang så kjem det ein oppgang. Og vår oppgåve er å rekruttera til framtidig faglærte, seier Utne-Pettersen.

Og for Ida Midtbø er det nettopp det det handlar om.

– Eg er klar for å få fagbrev og berre koma meg ut i Nordsjøen med ein gong.