Hopp til innhold

59-åringen fann opp løftereiskap. Eldre meiner dei er like kreative som yngre, viser forsking

Det er ingen samanheng mellom alder og innovasjonsevne, i alle fall ikkje når forskarane spør folk sjølve. Kapasiteten til fornying blir større viss ein brukar heile breidda av arbeidstakarar, meiner forskar.

Jostein Reinsnos, seniorrådgivar hos IKM Subsea

Jostein Reinsnos ved sida av ein løftereiskap som kan bli brukt under vann. Reiskapen er det han sjølv som er oppfinnaren bak. Nå er det forska på kor mange idear dei eldste arbeidstakarane meiner dei sjølv har.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Sjefane bommar. Enkelt og greitt, seier Reidar Mykletun, professor ved Handelshøgskolen på Universitetet i Stavanger (UiS).

Han står midt i eit forskingsprosjekt om kor mykje eldre arbeidstakarar kan bidra med på såkalla innovasjon, altså kreativitet og nye idear på ein arbeidsplass.

Reidar Mykletun, professor ved Handelshøgskolen på Universitetet i Stavanger (UiS)

Reidar Mykletun, professor ved Handelshøgskolen på Universitetet i Stavanger (UiS).

Foto: Arild Eskeland / NRK

Det han meiner sjefane bommar på, er korleis dei eldste tilsette ikkje får sleppe til i slike prosessar.

«Oppfinnaren» på 59

Ein som har sleppt til, er Jostein Reinsnos. Han er 59 år. Ved sida av han står ein løftereiskap som kan bli brukt under vatn.

Det er han som er oppfinnaren. Eller innovatøren, om du vil. Straks blir han altså 60.

Ein perfekt alder for slikt arbeid, meiner han.

Jostein Reinsnos, seniorrådgivar hos IKM Subsea

Når ein har vore nokre år i arbeidslivet, har ein eit nettverk ein ikkje hadde då ein var yngre. Dermed kan ein samarbeide med kollegaer i alle aldrar, meiner Jostein Reinsnos. – Det vi klarer å få til då, er dynamitt, seier han.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Du har gjort ein del som er bra, og du har gjort ting som gjerne ikkje er så bra. Det har du lært av, seier han, som jobbar som seniorrådgivar hos IKM Subsea.

– Fleire stereotypiar på arbeidsplassane

Det er ei erfaring ikkje alle ser. Norsk seniorpolitisk barometer, ei Ipsos-undersøking som blir gjort kvart år, kan tyde på at det er dei yngste som blir føretrekt når nye ting skal lagast.

I undersøkinga som blei lagt fram i fjor haust, svarte 54 prosent av dei 3000 intervjua (alle aldrar) «svært ofte», «ofte» eller «av og til» til påstanden om at det er yngre arbeidstakarar som blir føretrekt når ny teknologi eller nye arbeidsmåtar skal innførast.

– Det heng att fleire stereotypiar på arbeidsplassane om at eldre blir gradvis dårlegare. Det kan vere det er riktig når det kjem til å løfte tunge ting, men det gjeld ikkje for innovasjon og kreativitet, seier Mykletun.

I forskinga hans, som ennå ikkje er heilt ferdig, har dei bedt 1500 yrkesaktive mellom 20 og 70 år vurdere sine eigne evner. Mellom anna om dei har idear og korleis dei støttar andre sine.

Dei førebelse resultata viser at dei eldste aldeles ikkje manglar idear eller evner til å støtte andre sine.

Unge og eldre saman

– Vi har funne ut at det ikkje er nokon samanheng mellom alder og innovasjonsevne. Kapasiteten til innovasjon og fornying i arbeidslivet blir større viss ein brukar heile breidda av arbeidstakarar. Det beste er når ein kan få unge og eldre til å arbeide saman slik at de hjelper og støttar kvarandre, meiner han.

Sjefar må sjå på aldersspenn som ein ressurs, ikkje det motsette, ifølgje professoren.

Løftereiskap som kan bli brukt under vatn, IKM Subsea, Bryne.

IKM Subsea på Bryne utviklar utstyr som skal brukast i samband med petroleumsverksemda under vatn. Biletet viser oppdriftssystemet som Jostein Reinsnos står bak.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Kombinasjonen er verdifull

Det gjer ein av sjefane i oppfinnar Reinsnos sitt selskap.

Einar Refsnes, dagleg leiar i IKM Consultants

Einar Refsnes, dagleg leiar i IKM Consultants.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Det henger nok att fordommar om at eldre lærer seinare og ikkje er så mottakelege for nye ting, men vi har mange motsette erfaringar. Kombinasjonen av unge og eldre folk er verdifull for oss, seier Einar Refsnes, dagleg leiar i IKM Consultants.

Forskingsprosjektet blir ferdig neste år, og Mykletun har planar om å gjenta same undersøking ein gong kvart anna år. Alle deltakarar er spurte om dei vil svare igjen seinare.