Hopp til innhold

Eldre fryktar ikkje koronaviruset: – Du kan ikkje grave deg ned heller

Fleire kommunar trappar opp tiltaka for å beskytte dei eldre mot koronaviruset, men mange eldre vil ikkje la seg skremme av viruset.

God stemning på tirsdagssong på Skipper Worse.

KRAFTIG ENGASJEMENT: Her møtest eldre kvar tysdag for song, kaffi og ordentleg gode diskusjonar. Den eldste frammøtte til dagens song var heile 101 år gammal.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Du skal ikkje grave deg ned i sjukdommen heller, du må leve livet likevel, seier Wilma Egeli.

89-åringen er på tysdagssong med mange andre eldre, frå nyleg pensjonerte til dei som har fått brev av kongen, og nådd ein alder på tre siffer.

Nettopp denne gruppa er dei som er mest utsette for koronaviruset, og dei merker at det er færre deltakarar på Skipper Worse i Stavanger denne tysdagen. Wilma Egeli trur det kan skuldast koronaviruset, men gjengen her mister ikkje hovudet av den grunn.

Wilma Egeli på Skipper Worse i Stavanger.

MEST TRIST FOR UNGE: Egeli meiner viruset kanskje rammer unge som likar å reise aller mest.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Det kan nok hende mange er redde for det, men eg trur ikkje ein må tenke veldig mykje på det og bli forferdeleg redd. Det nyttar ikkje, der har jo vore virus før, men du kan sjølvsagt vere forsiktig til ein viss grad, seier Egeli.

For Eiliert Løyning er aktiviteten på dagheimen den kjekkaste møteplassen han har. Det betyr mykje å komme seg ut av stova ei stund, og då lar han seg ikkje skremma av koronaviruset.

Arrangementer for risikogrupper

UBEKYMRA: Løyning seier han ikkje gidd å bruke tid på å vere redd. Den tida han har igjen, vil han bruke til å slappe av og synge for full hals.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Eg må berre kome meg ut, eg kan ikkje isolere meg på grunn av dette. Eg trur ikkje eg får det likevel. Det er ingenting som bit på meg, ler Løyning.

Færre eldre på aktivitetar

I Kristiansand har dei merka at færre enn vanleg møter opp på tilboda for dei eldre.

– Vi har nokre deltakarar som er bekymra for eiga helse, og ønsker å unngå samlingar med andre, akkurat i desse uavklarte tider, seier avdelingsleiar ved Aktiv senior, Anette Lauvås Haabesland.

Færre eldre på aktiviteter på grunn av koronaviruset.
Marit Halvorsen

MÅ ROE NED: Marit Halvorsen er ikkje så bekymra.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Men blant dei som har møtt opp til treningstimen denne veka er det nokre som meiner situasjonen har blitt hausa opp litt vel mykje.

– Eg synest det er panikkarta tilstandar rundt forbi. Eg synest vi må roa det litt ned, seier Marit Halvorsen.

SE: Vil ikkje gje opp trimmen.

Kan miste møteplassen

Dagleg leiar ved Skipper Worse, Randi Tone Overskeid, seier dei følgjer påboda, og har avlyst fleire arrangement. Mykje går likevel som vanleg.

Randi Tone Overskeid, dagleg leiar ved Skipper Worse.

SUNT TILBOD: Randi Tone Overskeid seier aktivitetane dei eldre er med på er med på å halde dei friske og raske.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Me har skrudd opp rutinane med reingjering nokre hakk, hengt opp plakatar om gode rutinar med hygiene og sett ut handsprit.

Ho seier det ville vore veldig trist om det blei endå strengare tiltak, og ein ikkje kan ha tilbod for eldre der i det heile tatt.

– Det er store vennegrupper som brukar å samle seg her for å drikke kaffi, trene og løyse verdsproblem, seier Overskeid.

Song for eldre på Skipper Worse i Stavanger.

TREKKSPEL OG KOR: Bandet spelar gamle viser og alle i lokalet blir rive med og syng i kor.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Kommunane må ta grep

Beredskapssjefen i Stavanger sa måndag at alle arrangement med meir enn 50 deltakarar i det FHI definerer som risikogrupper skal avlysast.

Nokre kommunar har også tatt Helsedirektoratet sine anbefalingar om kven som kan besøke kommunale helseinstitusjonar eitt steg vidare.

I går bestemte Larvik kommune at alle sjukeheimar er stengt for besøkande. Bergen kommune har også vedtatt at besøk til personar på sjukehus, eldreinstitusjonar, bufellesskap og bustader med sårbare grupper skal avgrensast til det nødvendige.