NRK Meny
Normal

Eldar Sætre: – Takk til alle som har vist varme

Konsernsjef i Statoil, Eldar Sætre, var i USA då han fekk melding om helikopterulukka ved Turøy. – Det var sjokkerande, seier han i ein kort pressekonferanse i Stavanger før han reiser for å møta dei pårørande i Bergen.

Konsernsjef i Statoil, Eldar Sætre, var i USA då han fekk melding om helikopterulukka ved Turøy. – Det var sjokkerande, seier han i ein kort pressekonferanse i Stavanger før han reiser for å møta dei pårørande i Bergen.

TILBAKE I NOREG: Eldar Sætre heldt ein kort pressekonferanse på Statoil sitt hovudkvarter i Stavanger før han reiste vidare til Bergen for å møta dei pårørande.

– Eg kom heim så fort som det var mogleg etter eg fekk meldinga. Nå reiser eg til Bergen for å møta pårørande og gi dei den støtta eg kan, seier konsernsjef i Statoil, Eldar Sætre.

Han var på reise i USA då han fekk meldinga om helikopteret som hadde styrta, og dei 13 menneskeliva som gjekk tapt i ulukka.

– Det var sjokkerande, og mine første tankar gjekk til alle dei som er råka og vil bli råka. Det me opplevde i går var ei av dei mest alvorlege ulukkene i norsk oljeindustri si historie, slår han fast.

La ned blommar utanfor Statoil

Arnstein Løvbrekke frå Tjelta la i går ned blomar utanfor Statoil sitt hovudkvarter på Forus i Stavanger. Dette gjorde han for å visa omtanke for dei omkomne og deira pårørande.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Takkar redningsmannskap

– 13 familiar er ramma på den verst tenkelege måten, og me har mista gode kollegaer og vennar. Statoil er i dag eit selskap i sorg. I djup sorg, seier Eldar Sætre.

Utanfor hovudkvarteret har folk lagt ned blomar, i tillegg er det mange som har ringt Statoil i løpet av dagen i går og natta. Den første som la ned blomar var Arnstein Løvbrekke frå Tjelta.

– Det var forferdeleg å høyra om ulukka, så slo det meg berre at eg ville visa omtanke til dei som hadde omkome, det var derfor eg kom med blomar. Eg har familie og vennar som jobbar i Nordsjøen, og ein tenker jo alltid på at det kan skje ulukker, seier Arnstein Løvbrekke til NRK.

Sætre nytta høvet til å takka alle dei som har bidrege på ein positiv måte i etterkant av ulukka.

– Eg vil gjerne takke redningsmannskapa og frivillige som har lagt ned ein enorm innsats. Takk også til alle som har teke kontakt for å visa sin varme og støtte i løpet av dei siste dagane, seier han.

Viktig å finna årsaka

Det viktigaste nå, meiner han, er å ta vare på dei pårørande.

– Me set også pris på at kronprinsparet og statsministeren vil vitja pårørandesenteret i dag. Det viser at ein heil nasjon står saman med desse familiane i deira sorg.

Likevel må arbeidet med å finna årsaka halde på for fullt.

– Å finna ut kvifor helikopteret styrta er svært viktig for dei pårørande, for dei som har arbeidsplassen sin på norsk sokkel og for alle selskap som er råka, sa Sætre før han reiste til Bergen.

Utanfor Statoil dagen etter ulukka

Slik ser det ut utanfor hovudkvarteret til Statoil på Forus i Stavanger laurdag føremiddag.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Produksjonen stengt ned

Helikopteret var på veg frå Gullfaks B til Flesland då det styrta ved Turøy. Statoil har sendt ut psykologar og nordsjøprestar til Gullfaks B og produksjonen er stengt ned.

– Det er viktig at dei får høve til å ta innover seg denne triste ulukka og at dei får tid til å jobba med den sorga og dei kjenslene som dei har i den samanheng. Produksjonen er framleis stengt, og me gjer ei løpande vurdering av når me skal tilbake i normal gang der ute, seier pressetalsmann i Statoil Ola Anders Skauby.

Statoil sin produksjon andre stader på norsk sokkel går som normalt.

Gullfaks B ved produksjonsstrat i 1988

Gullfaks B ved produksjonsstart i 1988.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX