NRK Meny
Normal

Fekk ikkje konkurrere med heimebygd elbil

UiS-studentar deltok med heimebygd elbil i verdas største ingeniørkonkurranse i England i førre veke. Men siger i konkurransen vart det ikkje.

Ingeniørkonkurranse

Eit lag frå Universitetet i Stavanger deltok i førre veke i verdas største konkurranse for ingeniørstudentar.

Foto: Simon Furnes

– Ufatteleg kjekt, og veldig lærerikt. Eg trur ikkje nokon skjøner heilt dimensjonane av konkurransen før dei har vore der, seier PR-ansvarleg Simon Furnes om å vera på Formula Student.

Frå 9.–13. juli deltok ei gruppe studentar frå Universitetet i Stavanger på Formula Student i England for å konkurrere med sin eigen designa og bygde elektriske racingbil.

Med 3000 studentar frå over 100 lag og 38 forskjellige land, er Formula Student verdas største konkurranse for ingeniørstudentar.

På fem dagar skulle teamet frå UiS overtyde dommarar om at bilen deira var laga etter god ingeniørfagleg and, fungerte godt på bana og prøve å selje den til framtidige investorar.

Simon Furnes

Simon Furnes er godt nøgd med innsatsen til laget, sjølv om bilen ikkje vart godkjend.

Foto: ION Racing Team

– Me fekk veldig mykje skryt for bilen vår, og dommarar samt andre team syntest det me har gjort er veldig interessant og imponerande, seier Furnes.

Hard jobbing

Teamet frå UiS jobba hardt i forkant, men med sein levering av batteripakkane til bilen, så starta dei med eit lite handikapp.

– Teamet har stått på morgon og kveld med å løyse problem slik at me kunne få køyre så mykje som mogleg i konkurransen, og sanke mange viktige poeng. Me blei heve ut kvar dag og var alltid siste team på veg ut av garasjane når området stengde, seier Furnes.

Ingeniørkonkurranse i England

Laget frå UiS jobba hardt for å få bilen i stand.

Foto: Simon Furnes

Vart ikkje godkjend

Likevel kom dei ikkje heilt i mål.

– Då me endeleg hadde fått alt på plass og var klare til å køyre, blei me stoppa i godkjenningsprosessen. Etter det var det ikkje tid nok til å løyse manglane, seier ein skuffa Furnes.

Sjølv om dei ikkje fekk køyre sjølv, veit dei kva dei vil gjera framover.

– No skal vi rette feila som blei funne, og så skal me køyre bilen og bevise at den kan levere, seier Furnes.