NRK Meny
Normal

Elavgift-sjokk for lakseoppdrett

Oppdrettsnæringa taper millionar på at dei ikkje får redusert elavgift. Men hadde bedrifter som Tytlandsvik Aqua putta laksen i pakke eller produsert fiskehermetikk, ville dei sleppt billegare unna.

Tytlandsvik Aqua

Slik skal Tytlandsvik Aqua sjå ut når det står ferdig i mars 2019.

Foto: Illustrasjon: Prosjektil

– Me kjem ikkje under industri i dagens regelverk, og får med det ikkje redusert elavgift. Det synst me er utruleg urettferdig, seier dagleg leiar ved Tytlandsvik Aqua, Nils Viga.

Han ser ut over det som førebels berre er ein gigantisk byggeplass i Tytlandsvik i oppdrettskommunen Hjelmeland i Rogaland. Men i mars 2019 skal dei ta imot laksesmolt i det som blir eit stort landbasert postsmoltanlegg.

Her skal «babylaksen» fôrast opp frå 100 gram til ein kilo, før turen går til oppdrett i sjøen.

Ekstrakostnad på halvannan million

Ifølge Stortinget sitt vedtak om elavgift (sjå faktaboks) får delar av industrien redusert sats på elavgifta til staten. Altså på avgifta som nesten alle må betala på straumen dei kjøper frå straumnettet – og som er ein del av den totale nettleiga du betaler.

Men dette gjeld altså ikkje for oppdrettsindustrien.

– For oss betyr det ein auka kostnad på halvannan million i året. Nå jobbar me for å få vekk elavgifta, seier Viga.

Nils Viga

Dagleg leiar ved Tytlandsvik Aqua, Nils Viga.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Støttar kravet

Norges største sjømatorganisasjon, Sjømat Norge, som organiserer fleirtalet av bedriftene innan fiskeindustrien, støttar kravet.

– Me meiner at både settefiskanlegg og oppdrett på land og i sjøen burde vore fritatt elavgift på lik linje med annan industri, seier regionsjef Knut Hjelt i Sjømat Norge.

Sjømat Norge ber nå om at Stortinget tar dette opp i revidert budsjett i mai eller i 2019-budsjettet i oktober, og meiner det får konsekvensar at oppdrettsnæringa må betala full elavgift.

– Du får ein dyrare produksjon og i sjøbasert oppdrett blir utbygging av landstraum utsett, noko som ville vore positivt i det grøne skiftet. I tillegg vil like rammevilkår som annan industri, styrka vår konkurransekraft.

Laster innhold, vennligst vent..

Forsvarer regelverket

Ifølge Finansdepartementet har reglane om elavgift lenge vore ein del av industrien sine rammevilkår, og avgrensingane følgjer eit godt etablert system, ifølge departementet.

– Regjeringa legg godt til rette for norsk næringsliv. Me har redusert skattar og avgifter for folk og bedrifter med 24 milliardar kroner. Elavgifta skal skaffa staten inntekter til vegar, skular, sjukehus, forsvar og velferd, samt bidra til redusert forbruk av straum, seier statssekretær Jørgen Næsje (Frp) i Finansdepartementet.

Alexander Stokkebø i Unge Høyre

Stortingsrepresentant Aleksander Stokkebø (H).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Stortingsrepresentant og medlem av finanskomiteen, Aleksander Stokkebø (H), er ikkje avvisande til å forandra på elavgifta som årleg bidrar til milliardar i statskassa. Han meiner likevel reglane fungerer bra i dag.

– Skal me gjera endringar, er det i så fall ei budsjettprioritering som må vegast opp mot andre tiltak. Men eg tar gjerne turen til Tytlansdvik for å diskutera dette og andre vilkår og tiltak for å skapa endå fleire arbeidsplassar.