Ørjan Eskeland er forsvarar for Thomas Müller, han seier at klienten sin teknisk sett ikkje erkjenner, men legg seg tett opp mot overlagt drap.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKThomas Müller skulle i dag overtyda lagmannsretten om at han saman med kona si, Agnes Elisabeth Müller, hadde planlagt å ta livet av henne. At dei stod saman om det.
Men då han skulle forklara hendingsgangen, og då han blei spurd ut av aktor Tormod Haugnes, sleit han med å svara på ein del spørsmål. Han sleit også med å leggja saka fram på ein måte som underbygde historia hans. Dommaren måtte bryta inn for å klara opp i om ikkje Thomas Müller eigentleg erkjende overlagt drap. Forsvararen hans Ørjan Eskeland forsikra om at han ikkje gjorde det.
- Les òg:
– Kanskje delvis fortrengt
– Det er litt vanskeleg for han å forklara seg, det seier han sjølv også. Han kjem litt i gang etter kvart, men så var det litt synd for han at det kom ein lunsjpause nå. Me satsar på at det går greitt etterpå, seier Eskeland til NRK.no i lunsjpausen på Folkets Hus, som fungerer som rettslokale på grunn av plassmangel.
Thomas Müller blei dømt til 21 års fengsel i Jæren tingrett for overlagt drap, men sidan drapsmannen meiner det ikkje var med overlegg blei saka anka. Den starta i dag, på dagen eitt år etter Agnes blei funnen på botn av Lysefjorden.
– Kvifor slit han med forklaringa?
– Det er nok ikkje så mykje språkproblem, men det er krevjande for han å sitja der, og kanskje er noko fortrengt eller delvis fortrengt, seier Eskeland.
– Framleis ope
Det er ikkje venta at det skal koma fram nye moment i lagmannsretten, men Eskeland meiner likevel at saka er heilt open.
– Dette er ei heilt ny prøving med dei same prova rett nok, men det er nye dommarar og ein jury, så ingenting er avgjort.