Hopp til innhold

Ekstra pengar til volleyballskulen

Toppvolleyballsatsinga  i Suldal manglar 1,2 millionar kroner for å få budsjettet til å gå i balanse. No får skulen ekstra pengar frå fylket.

 Sauda vidaregåande skule si volleyball-avdeling i Suldal  går med underskot.  Ei årsak til pengeproblema er at ikkje alle fylka vil betala for gjesteelevplassane sine.

Fylkesrådmannen vil fortsatt ha skuletilbodet og vil derfor gje til saman 2,8 millionar kroner i ekstra tilskot og refusjon i år. I tillegg vert underskotet for i fjor på 400 000 kroner dekka inn.

Over 80 ungdommar har søkt volleyballskulen til neste skuleår.