Hopp til innhold

– Ingen kan lastast for eksplosjonen

Seks personar blei skadde i ein eksplosjon på oljeservicebedrifta Malm Orstad på Jæren i fjor. Nå legg politiet saka vekk.

Eksplosjon hos Malm Orstad, Voll i Klepp

STOR EKSPLOSJON: Under testing av nytt utstyr den 7. november i fjor eksploderte det i lokala til Malm Orstad AS på Voll i Klepp.

Foto: Celie Sirevaag

Anne Mari Braut Nese

LETTA: Ordførar i Klepp kommune, Anne Mari Braut Nese, er letta for konklusjonen til politiet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Me har kome fram til at ingen kan lastast for ulukka, seier fungerande leiar på Nordsjø/miljøseksjonen til Rogaland politidistrikt, Ole Johan Røykenes.

Etter eksplosjonen på Malm Orstad 7. november i fjor har dei gjort fleire avhøyr, samla inn dokument og gått gjennom rapporten til kriminalteknikarane.

Konklusjonen er at ein oljelekkasje var årsaka til ulukka. Seks personar blei skadde, tre alvorleg. Nå legg politiet saka vekk.

To tilbake i arbeid

– Me finn ikkje grunnlag til å forfølgja saka, dermed blir ho lagt vekk etter bevisets stilling. Arbeidstilsynet tilrår det same, seier Olav Veggeberg som er politiinspektør i Rogaland politidistrikt.

Leiar i Malm Orstad, Magne Orstad, er glad for avgjersla til politiet men understrekar likevel at det som skjedde var synd.

– Dette endrar jo ikkje at seks personar blei skadde i ulukka, men det er i alle fall bra å vite at me har gjort det me meiner er riktig i samanheng med ulukka, seier han.

– Av dei seks personane som blei skadde er alle utskrivne frå sjukehuset, to av dei er tilbake i arbeid, og ein er venta tilbake i jobb i sommar, opplyser den daglege leiaren.

– Lettane konklusjon

Den alvorlege ulukka gjorde eit sterkt inntrykk på folk i lokalmiljøet på Voll, og kommunen oppretta kriseteam.

Ordførar i Klepp, Anne Mari Braut Nese, er letta over konklusjonen til politiet:

– På ein måte er det lettane at dette ikkje var nokon sin feil, og at ingen må bera det med seg. For eg trur det er mange som har gått og tenkt på om det var noko dei kunne gjort annleis, seier ordføraren.