Hopp til innhold

Nasjonale kunstekspertar: – Tragisk om skulpturen blir selt

«Historielaust», «forferdeleg» og «tragisk». Det meiner nokre av Norges fremste kunstekspertar om at kunstforeininga i Stavanger vil selja ein sjeldan skulptur.

«Figure for landscape»

Kunstforeininga vil selja unna skulpturen «Figure for landscape» frå 60-talet, for å få pengar til drift av kunsthallen sin i Madlaveien i Stavanger.

Foto: Erik Waage / NRK

Det går heitt for seg i kunstmiljøet i Stavanger om dagen. Kunstforeininga vil selja unna ein Barbara Hepworth-skulptur frå 60-talet, for å få pengar til drift av kunsthallen sin i Madlaveien i Stavanger. Skulpturen «Figure for landscape» har stått på plenen utanfor kunstforeininga sitt hus sidan november 1968.

«Galskap» er ordet stavangerkunstnar og tidlegare formann i byens kunstforeining, Kjell Pahr-Iversen, brukar om planane.

Pahr-Iversen får støtte av nasjonale kunstekspertar, og dei sparar heller ikkje på krutet når dei skal uttrykkja kva dei meiner om saka.

Vekkjer harme

Karin Hellandsjø

MAGISTER I KUNSTHISTORIE: Tidlegare direktør ved Henie Onstad kunstsenter, Karin Hellandsjø.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg. Dei må ikkje selja den skulpturen, den er heilt fantastisk, seier tidlegare direktør for Henie Onstad kunstsenter, Karin Hellandsjø.

– Det er historielaust. Barbara Hepworth er ein av dei store, kvinnelege skulptørane. Ho er blant dei absolutt største, seier professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo, Øivind Storm Bjerke.

Dei er ikkje nådige, dei to ekspertane, og seier Hepworth-skulpturen er ein nasjonalskatt. Anslått salssum varierer frå 4–5 millionar kroner til godt over 20 millionar kroner.

– Eg veit ikkje kva dei håpar å tene på det, men pengar er pengar. Det kan kanskje bli eit par-tre utstillingar, og så er dei pengane brukt opp og skulpturen er vekke. Det ville vore tragisk, seier Hellandsjø.

– Det er ein veldig dårleg idé, fordi den skulpturen er så knytt til bygget. Det er ein kulturell kapital som dei då gir avkall på, seier Storm Bjerke.

Opprør mot skulptursalg

SJÅ TV-SAKA: Lokale kunstnarar og kunstekspertar er veldig kritiske til planane. No får dei støtte av nasjonale kunstekspertar.

Øyvind Storm Bjerke

PROFESSOR: Øivind Storm Bjerke er professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Meiner det vil gagna innbyggjarane

– Me treng dei pengane for å kunna driva vidare på ein forsvarleg måte. Det er fordi me brenn for kunsthallen at me ser oss nøydde til å gjera dette, seier styremedlem i Stavanger kunstforeining, Undi Agnethe Torstensen.

Kunstforeininga la i haust om til å bli ein såkalla kunsthall, med ny kurator og fokus på utstilling av samtidskunst. Men årlege kommunale tilskot er ikkje nok til å halda drifta gåande. Samtaler er i gang med auksjonshuset Christies i London.

Undi Agnethe Torstensen

VIL SELJA: Undi Agnethe Torstensen.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me trur at byen sine innbyggjarar i endå større grad skal få glede av kunsthallen og livet i kunsthallen, enn dei vil få for denne skulpturen eine og åleine, seier ho.

Politikarane seier nei

Rådmannen i Stavanger bad politikarane vurdera å gå i forhandlingar om å kjøpa den. Men då politikarane fekk vita prisen, vart eit kjøp uaktuelt.

– Skulpturen er så verdifull at den kostar mange millionar, og difor vart det heilt uaktuelt, seier leiar i kommunalstyret for kultur i Stavanger, Sissel Knutsen Hegdal (H).

– Det tykkjer eg er ille, for dette er ein identitetsmarkør i Stavanger. Den høyrer heime der og bør vera der, og då er ei politisk sak, for då gjeld det byutvikling, seier Storm Bjerke

Skal kommunen på bana att, må fleire aktørar bli med.

– Det er klart at om aktørar frå næringslivet vil gå saman i eit spleiselag, så har me sagt at me vil sjå på saka på nytt.

Om det skulle bli eit sal på det kjende auksjonshuset Christies i London, kan kunstskatten enda opp kor som helst i verda.

– Det er mange som vil vera interesserte i noko slikt. Men for all del, ikkje sel den, avsluttar Karin Hellandsjø.