Nordstjernen er slept av grunnen

Det tidlegare hurtigruteskipet blir slept inn til Haugesund.

Nordstjernen på grunn

«Nordstjernen» har gått på grunn i Karmsundet utanfor Haugesund.

Foto: Tor Andre Johannenssen

«Nordstjernen» gjekk på grunn i Karmsundet i Rogaland ved 22-tida måndag kveld. Det er 21 menneske om bord i skipet, men det er ikkje fare for dei som er om bord.

Tidleg tysdag morgon blei skipet slept av grunnen, opplyser Hovedredningssentralen Sør-Norge til NRK.

Hovudredningssentralen for Sør-Noreg fekk melding om grunnstøytinga klokka 22.10 i kveld. Dei har sendt fleire båtar og eit helikopter til åstaden rett vest for Sørhaugøy i Karmsundet. Skipet tek ikkje inn vatn.

Ingen fare for mannskapet

Skipper Stig Skarshaug på redningsskøyta RS «Bergen Kreds» fortel at det ble gjort forsøk på å dra skipet av grunn mandag kveld, men at forsøket var mislukka. Slepebåten «Max Mammut» skulle prøve å få «Nordstjernen» av grunn. Dei venta på høgare flo.

Kystvaktskipet «Ålesund» er og ved det grunnstøytte skipet.

Eit Sea King redningshelikopter var i lufta over «Nordstjernen», men det var ingen fare for dei som er om bord. Det bles sørvest frisk bris på staden.

Skipet er bygd i Tyskland i 1956 og gikk i fast hurtigrutetrafikk fram til 2002.

«Nordstjernen» hadde si siste hurtigrutereise i 2012, og var då det hurtigruteskipet med lengst fartstid. Skipet blir no brukt til navigasjonstrening. Eigar no er Indre Nordhordland Dampbåtlag.