Hopp til innhold

Desse stolane er laga av insulinsprøyter og kaffibønner

Gjenbruk er meir og meir i vinden. Og nå har også trenden kome til kontoret. På eit direktørkontor i Stavanger er ingenting av materialet nytt.

Gjenbruksstolar frå IVAR laga av insulinsprøyter og kaffibønner

Sitjeplata består av 0,5 kilo insulinsprøyter og 0,5 kilo skal av kaffibønner. 200 sprøyter har til saman blitt brukt på éin stol.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Kunne du ha tenkt deg å sitje på nokre insulinsprøyter?

Ikkje?

Men kva om dei, saman med skal frå kaffibønner, har blitt til ein fullt funksjonerande stol?

Dei er nemleg ein del av det nye kontoret til Ingrid Nordbø, direktør for gjenvinningsanlegget Ivar på Mariero i Stavanger.

Eller, nytt og nytt. Alt på kontoret er brukt frå før.

– Eg er veldig nøgd med resultatet. Det er truleg det finaste kontoret eg har hatt nokon gong, seier Nordbø.

Bord av havplast

Då ho sjølv skulle inn i eit nytt kontor utan møblar, synest ho det berre var rett og rimeleg å prøve eit eksperiment.

– Me ville utfordra oss sjølv og skape eit moderne og praktisk kontor med gjenbruksmateriell. Me er opptatte av klimagevinsten dette gir.

Ingrid Norbø, direktør IVAR, på sitt nye kontor av gjenbruk

Direktør i Ivar, Ingrid Nordbø, har ein god første dag på «nytt» kontor. Her med marmorbordet av havplast. Bokhyllene er laga av rivingsmateriale frå koronaoppussing på Nord-Jæren.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Bordet ser ut som marmor. Og om du tar handa over det, så kan du kjenne nokre små bølgjer. Noko som er passande, for dette bordet er laga av havplast.

– Havplast er eit stort miljøproblem, og mange engasjerer seg og samlar havplast frå strendene. Ei bedrift på Sørlandet har bestemt seg for å gjere noko ut av det, og produserer gjenstandar av havplasten.

Til inspirasjon for andre

Camilla Harbu Bielecki driv vintagebutikken Tidstypisk på Instagram og i Oslo, og har også skrive bok om vintage interiør. Ho synest kontoret til Nordbø er kreativt, og at det er gøy å sjå kor fint noko som har vore søppel kan bli.

Camilla Bielecki driver butikken Tidstypisk og Instagram-kontoen @tidstypisk, og restaurerer og selger gamle møbler. Hun har god faglig innsikt design, møbler, interiør, og lignende.

Camilla Harbu Bielecki meiner ein bør normalisere det å handle brukt både heime og på kontor. Ho peiker på FNs klimarapport som viser kor skadeleg overforbruk kan vere.

Foto: Christin Lund

– Det er veldig morosamt å sjå at små kontor kan gjere noko slik. Dette kan inspirere andre til å tenkje utanfor boksen.

For det er ikkje vanskeleg å lage eit heilt kontor utan nye materiale, meiner ho.

– Ein kan få tak i alt brukt, så lenge ein er litt tolmodig. Då får ein i tillegg ein heilt eigen og unik stil.

Miljøvenlege kontor

Og det er ikkje berre hos gjenbruksanlegget at brukte møblar er i vinden.

Firmaet Seabrokers leigar ut tusenvis av kontorplassar på Forus. Der har fleire arbeidsplassar dei siste åra blitt møblert med brukt inventar.

– I staden for å kjøpe inn heilt nye pultar så er det berre skifta ut bordplata, seier dagleg leiar Rolf Aarthun.

Han ser at gjenbruk og det grøne skiftet er noko som folk liker å assosiere seg med.

– Dette er bra for både miljø og økonomi. Prisen er jo ein brøkdel, og det ser nytt ut. Tidlegare har det vore ein bruk-og-kast mentalitet, men nye generasjonar tenkjer annleis.

Må få meir effektive salskanalar

Kontoret til Nordbø på Ivar er eit eksempelprosjekt, og etter kvart er planen at fleire enn direktøren skal få arbeide i eit skikkeleg gjenbrukskontor.

– Det blir ikkje mange kilo co₂ spart berre for eitt kontor. Men om me skalerer dette opp, så kan dette bli ganske stort, seier Nordbø.

Blomsterpotte hos IVAR på Mariero som har resirkulert plast oppi seg.

Avdelingsleiar Tord Tjelflaat har laga blomsterpotter med resirkulert plast oppi. Dei raude flaka kan til dømes kome frå ketsjupflasker.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Men å skape eit kontor som består utelukkande av brukte og resirkulerte materiala har tatt lenger tid enn det normalt ville gjort.

– Det handlar om at salskanalane for brukte gjenstandar er annleis og ikkje så effektive som for nye gjenstandar. Så for at dette skal bli storskala så er desse kanalane nøydd til å bli meir effektive, seier Nordbø.

Men uansett er det verdt det, synest ho.

– Å utnytte naturressursar er ei stor klimautfordring, og det legg press på biologisk mangfald. Så dette blir ein stor gevinst om me får det til i større skala.

Ingrid Nordbø og Tord Tjelflaat i IVAR

Ingrid Nordbø og Tord Tjelflaat trur det nye kontoret blir eit sosialt kontor. Stolane dei sit på er Nordbø sine favorittmøblar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK