Hopp til innhold

Seier nei til Jærlinja

Eit fleirtal i Rogaland fylkeskommune seier nei til at ny E39, sørover frå Sandnes, skal gå på Høg-Jæren. Men elles hadde fylkespolitikarane mange og sprikande råd til samferdselsministeren, som endeleg skal avgjere trasévalet.

Forslag til E39-trasé i Rogaland

Indre linje for ny E39 følgjer i stor grad dagens veg, medan Jærlinja går lengre vest, delvis over Høg-Jæren.

Foto: jordvern.no

– Det er eit fleirtal for at utvidinga av E39 til fire-felts motorveg, frå Sandnes og sørover, i store trekk skal gå langs dagens trasé, seier fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal.

Fylkesutvalet i Rogaland fylkeskommune, med fylkesordføraren ved bordenden

Fylkesutvalet i Rogaland, som i dag gjekk inn for "indre trasé" som vegval for ny E39 til Sørlandet. Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal sit ved bordenden.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

I dag har Fylkesutvalet i Rogaland gitt sitt råd til samferdsleministeren om kor den nye hovudvegen til Sørlandet skal gå.

Alternativet har vore Jærlinja, som går langs Høg-Jæren, altså lengre vest enn dagens E39. Det alternativet passerer også nærare Egersund, enn kva E39 gjer i dag.

Frp og Sp går i mot

Anita Egeli, gruppeleiar for Frp, meiner at alle dei tre traséane bør greiast ut, før endeleg vedtak blir tatt.

Anita Egeli

Gruppeleiar Anita Egeli i Frp, fekk med seg Sp i synet på å greia ut alle dei tre alternativa for ny E39. Men forslaget fekk ikkje fleirtal.

Foto: Frp

Ho refererer til at indre trasé kan ta dobbelt så mykje matjord som ei ytre linje.

– Men det veit me jo ikkje sikkert ennå. Så la oss greie ut alle dei tre alternativa, seier Egeli.

Dette støttar Arne Bergsvåg i Senterpartiet. Han meiner også at nå har dei sjanse til å få greia ut alle alternativ, slik at fylkeskommunen då veit sikkert kva som er det beste alternativet.

Ein trist dag

– Det er underleg at Fylkesutvalet ikkje vil ha all informasjon på bordet, før dei tar avgjerda om kva linjeval som er det beste, seier Tore Svanes i Interessegruppa for ny E 39. Han har jobba som lobbyist for Jærlinja i fleire år.

– Ikkje minst kan det vise seg at Jærlinja sparer store mengder jordbruksjord frå å bli bygd ned, seier Svanes.

Tenkjer på Dalane

Fleirtalet går inn for å leggje til eit nytt punkt i vedtaket. Det er at det må leggjast til rette for at det er enkelt å køyra inn på den nye E39 frå både fylkesveg 42 og 44.

Marianne Chesak, fylkesvaraordførar frå Ap, viste til kor viktig det er at Dalane-området får gode tilkoplingsvegar til E39, slik at denne vegen blir brukt.

– Det vil hindre eit større press på rv 44, som deretter kan føre til krav om fire-felt på den vegen.

Jærlinja oppsto for fem år sidan

Det var opphaveleg eit forslag frå privatpersonen Rune Gjedrem, som førte til at Jærlinja blei greia ut av Statens Vegvesen.

Det er spesielt Time som får ein ny motorveg gjennom kommunen, dersom Jærlinja skulle bli ein realitet. Den passerer aust for Bryne og går vidare aust for Varhaug før den passerer ganske nær Egersund.