Rushtidsavgifta i bomringen har skapt politisk hovudpine på Nord-Jæren.
No er ordførarane i Stavanger, Sola, Sandnes og fylkesordføraren einige om at det ikkje lenger skal koste dobbelt så mykje å køyre i bomringen i rushtida.
Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF).
Foto: Ole Andreas Bø / NRKDet blei bestemt under fredagens møte i Bymiljøpakken i Stavanger. Der blei det lagt fram ei skisse, kor partane òg vil redusere bomsatsen og innføre halv takst for elbilar. «Timesregelen», altså at ein kan køyre gratis i bomringen i ein time etter første passering, er utvida til tre timar.
– Det er rushtidsavgifta som har gjort at me ikkje har kome vidare. Eg trur me blir einige om dette no, seier fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF).
Statsminister Erna Solberg (H).
Foto: Maren Ege Tjoflåt / NRKFor at styringsgruppa kan lande ein avtale med staten, blir det kalla inn til nytt forhandlingsmøte om kort tid. Ifølgje leiaren av styringsgruppa, Lars Aksnes, kan rushtidsavgifta truleg ikkje fjernast før våren 2020.
– Når ein er einige lokalt, trur eg det vil gå ganske raskt med vår proposisjon. Så får det vere opp til Stortinget kor lang tid dei brukar, seier statsminister Erna Solberg.
På møtet fredag blei fylkesordføraren (f.v.) og ordførarane i Stavanger, Sandnes og Sola er samde om ei skisse til ny utforming av bomringen.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKMå opp i Stortinget
Ordninga i bomringen på Nord-Jæren må på nytt opp i Stortinget for at endringane kan bli godkjende. Trafikken må heller ikkje auke for at milliard-tilskotet til kollektivt skal kome.
– Det må kome fram korleis endringane påverkar nullvekstmålet for biltrafikken, seier Lars Aksnes, fungerande leiar av styringsgruppa.
Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) tar dagens møte, og skisse, som ein siger.
Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap).
Foto: Rune Helliesen / Rune Helliesen– Eg har stått rimeleg åleine om å ville fjerne rushtidsavgifta i halvanna år, med hjelp frå Frp. Dette ser veldig bra ut, seier Sandnes-ordføraren.
Wirak er ikkje uroa for nullvekstmålet, og peiker på at togtrafikken aukar stort på Nord-Jæren.
– Me har allereie nådd nullvekstmålet. Når kollektiv- og sykkeltilbodet no blir godt nok, vil folk bruke det, seier Wirak.
Varaordførar Pål Morten Borgli (Frp) i Sandnes.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKTrass i utsikta om at rushtidsavgifta først kan fjernast våren 2020, er varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp), overtydd om at det kan skje før.
– Allereie no i haust bør ein få dette på plass. Eg kjem til å stresse alle dei involverte, inkludert samferdsleministeren, for å få dette til i 2019, seier Borgli.
Stiller absolutt krav
For at Stavanger skal gå med på skissa, stiller ordførar Christine Sagen Helgø (H) eit krav om at bommen på Bybrua i Stavanger må skifte retning.
Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø (H).
Foto: Hanne Høyland / NRK– Regjeringa har laga såpass mykje pengar i potten, så no er det mogleg å få til ei god løysing lokalt, seier Sagen Helgø.
På spørsmål om korleis trafikken ikkje skal auke utan rushtidsavgift, svarar Stavanger-ordføraren med å vise til HjemJobbHjem-billettar, bysyklar, elsparkesyklar og å gjere det vanskelegare å parkere som gode «gulrøter».
Venstre skulle gjerne sett at rushtidsavgifta framleis var ein del av miljøtiltaka på Nord-Jæren.
Kjartan Alexander Lunde (V).
Foto: Joachim Steinbru– Den har vore berebjelken i avtalen, og ville gitt reinare luft og mindre kø. Den har gjort at fleire har vald å reise annleis, seier Kjartan Alexander Lunde frå Venstre i Stavanger.
Han er likevel glad for eit betre og billigare busstilbod, og fleire sykkelvegar og bysyklar.
– Men eg ville brukt alle tiltaka for at byområdet vårt skal bli best mogleg, seier Lunde.