Einegga tvillingar til VM-finale

Suksessen for dei norske stuparane i VM i Shanghai held fram. I dag kvalifiserte dei einegga tvillingane Espen og Eirik Valheim frå Sola seg til finaleplass i synkronstuping.

Espen og Eirik Valheim

Espen og Eirik Valheim trenar på synkronstupinga før stupe-VM i Shanghai.

Foto: Frode Stokka

Tvillingane som til dagleg stupar for Pingvin Stupeklubb i Sola kvalifiserte seg tysdag som dei 11. beste til VM-finale i Shanghai. Dette skjer dagen etter Amund N. Gismervik tok ein historisk tiandeplass i ein meter svikt.

– Dette er heilt utruleg. Etter det siste stupet var eg skuffa og trudde ikkje me ville koma til finalen, men så kom me med likevel, seier Espen Valheim.

Dagens grein var tre meter synkronstuping og det var dei tolv beste laga som kvalifiserte seg til finalen som går klokka 11.00 norsk tid i dag.

Norge har aldri før hatt utøvarar i denne greina på så høgt nivå, men etter Valheim-brørne fekk ein sterk femte plass i EM i Torino, var det denne greina det var knytt størst von til.

– Nå når me har kome til finalen er det ikkje lenger press på oss, så nå skal me berre gjera det beste me kan i finalen, seier Espen.

Det var Kina som kvalifiserte seg som nummer ein med Qin og Luo. Dei fekk 452.19 poeng medan Valheim brørne fekk 355,17 poeng.