NRK Meny
Normal

Ein vestlandsregion kan vera klar før jul

Vedtaket om at Rogaland blir ein del av ein vestlandsregion kan vera klart før jul. Då blir i tilfelle fylkesgrensene viska ut og Rogaland går saman med Hordaland og Sogn og Fjordane.

Laster kart, vennligst vent...

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal frå KrF, er ikkje framand for å gjera endringar på fylkesgrensene.

Solveig Ege Tengesdal

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, meiner at fylket kan gå inn i ein større vestlandsregion.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dagens fylkeskommune er Rogaland, slår ho fast og stiller spørsmålet: Går det an å tenkje ein større region enn det?

Svaret på sitt eige spørsmål har ho klart, og det er eit "ja".

– Me ønskjer å sjå på, sett frå mi side, kva me kan gjera for å få eit endå meir forpliktande samarbeid innanfor viktige felt for Vestlandet.

Store endringar på gang

Grunnen til at Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylke kan vera historie om ikkje lenge, må nok kommunalminister Jan Tore Sanner, ta mykje av ansvaret for.

Jan Tore sanner (H)

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) leiar arbeidet med reformen for kommunar og fylkeskommunar.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Les også: Kan redusere kutta med 127 millionar kroner – viss ein får i stand ei femårsavtale

Då han hadde møte med fylkesordførarane i landet kort tid etter nyttår, var han heilt tydleg på at det ikkje blei fleire oppgåver å utføre for fylkeskommunane, dersom dei heldt fast på dagens grenser.

Det fekk fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland til å innsjå at nå sto valet mellom å endre fylkesgrensene og innføre nye regionar, eller å sjå at fylkeskommunane blir raderte ut.

Anne Gine Hestetun

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, er klar for å få med Rogaland og Sogn og Fjordane i ein vestlandsregion.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det betyr oppe i mitt hovud at det først blir ein seigpiningsprosess, og resultatet blir ei sentralisering mot Oslo.

Vestlandet kan bli ei motvekt

– Vestlandet står seg på å samla seg. Me er den einaste delen av landet som kan stå imot dei tunge befolkningskonsentrasjonane på Austlandet.

Sveinung Stensland

Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H), heiar på at Rogaland skal inn i ein vestlandsregion.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Dette seier Sveinung Stensland, som er stortingsrepresentant for Høgre, frå Rogaland. Han meiner at ei samanslåing på Vestlandet av Sogn og fjordane, Hordaland og Rogaland vil gi regionen så mykje tyngde at den blir ein maktfaktor å rekne med.

– Me er dei einaste som kan klare å byggje ei motvekt til austlandsdominansen både i politikken og i næringslivet, seier Stensland.

Vegen vidare

1. april kjem stortingsmeldinga frå kommunalminister Sanner om korleis han ser for seg region-og kommuneoppdelinga i landet.

Les også: Flere hundre kommunevåpen forsvinner

Dårlig oppmøte utenfor fylkeshuset

Inngangspartiet der Rogaland fylkeskommune sin administrasjon held til i Stavanger.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Alt 1. mars skal Fylkestinget i Rogaland behandle ei innstilling om korleis eit samarbeid med dei andre vestlandsfylka skal vera i framtida. Det fortel fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal i Rogaland:

– Eg trur i alle fall at me tydlegare kan uttrykke det me vil, slik at det blir enklare for også ein fylkesordførar å fortsetje samtalane med andre fylkeskommunar.

Les også: Fylkeskommunen får bestå - men politikarar fryktar dei blir ribba for oppgåvar

– Og innan årets utgang kan det vera klart?

– Me må i alle fall ha det som ein intensjon, avsluttar Ege Tengesdal.