18 medarbeidarar og fire pasientar på kreftavdelinga 2K på SUS er sett i karantene etter ein tilsett har testa positivt for korona.
Sju av medarbeidarane og alle fire pasientane er definert som nærkontaktar.
Den tilsette har følgt alle rutinar og blir nå tatt vare på, står det på nettsidene til sjukehuset. Smittekjelda er førebels ukjent.
Alle får behandling
– Me har sett i gang nødvendige tiltak for karantene og smittesporing, og testar breitt for å vera føre-var, skriv konstituert klinikksjef Terje Bakkelund, ved klinikk for medisinsk service og avdeling for blod- og kreftsjukdommar i pressemeldinga.
Alle 49 tilsette på avdelinga og alle pasientane blir nå testa. Så langt er alle testresultata negative.
Ifølgje pressemeldinga er det ikkje inntaksstopp ved avdelinga. Det betyr at alle pasientar som treng behandling, vil få det.
– Pasientane skal kjenna seg trygge
– Me er i tett dialog med pasientane for at dei skal kjenna seg trygge i ein situasjon som kan opplevast veldig skremmande. Medarbeidarane viser ei enorm vilje i dette arbeidet, seier Bakkelund.
Avdelingane 1K og 2K samarbeider nå om pasientar som treng rask hjelp. Inntil vidare blir ingen pasientar flytta vekk frå avdelinga.