Hopp til innhold

Ein til sjukehus etter husbrann

Ein mann blei sendt til sjukehus med røykskadar og ein baby fekk tilsyn av lege på staden etter ein husbrann på Hundvåg i natt. Like etter midnatt fekk politi og brannvesen melding om brann i eit hus der det bur ein familie på tre. Alle kom seg ut, og brannen er nå sløkt, men huset er ikkje lengre til å bu i.