NRK Meny
Normal

Sakna polakk funne i god form på Vistnes

Pasienten som forsvann frå rehabiliteringsavdelinga på Lassa i Stavanger, er funnen i god behald på Vistnes i Randaberg.

Forsvunnen polsk mann frå Lassa Rehabilitering

Politiet går nå ut med bilde av den polske mannen som forsvann frå Lassa Rehabilitering laurdag kveld.

Foto: Politiet i Rogaland

«Sakna pasient funnen i tilsynelatande god form på Vistnes. Vi takkar alle som har vore med i leitinga», skrev politiet på Twitter søndag ettermiddag.

Politiet fekk melding om at personen vart observert klokka 17.45.

Mannen er polsk statsborgar og har vore vekke frå rehabiliteringsavdelinga til Stavanger universitetssjukehus på Lassa sidan klokka 21, laurdag kveld. Staden han blei funnen ligg ein dryg mil frå avdelinga.

– Han vart funnen av nokon som gjekk tur i området. Han var tilsynelatande i god form og tørr. Han var ukjent med kor han var, seier operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt, Trygve Ravndal.

50 soldatar deltok

Saman med friviljuge starta politiet søndags morgon leiting etter ein sakna pasient frå Lassa Rehabilitering ved Universitetssjukehuset i Stavanger.

Mannen er nyleg operert i hovudet og kan ha vanskar med å gjere greie for seg, melder politiet.

Dei er då på jakt etter ein 36 år gammal mann som er 190 centimeter høg. Han er glattbarbert på eine sida av hovudet og hadde på seg ei grøn t-skjorte, grå joggebukse og crocs på beina då han forsvann.

Leiteaksjonen er konsentrert om området Madla, Sandal og Lassa i Stavanger.

Om lag 50 soldatar frå den nærliggjande Madlaleiren deltar i leitinga frå 1030–11 tida, søndag føremiddag.

Den sakna er frå Polen

Mannen er polsk statsborgar og har vore vekke frå avdelinga sidan klokka 21, laurdag kveld.

Han har tilknyting til Ålgård i Gjesdal kommune, opplyser operasjonsleiar Henning Andersen på Stavanger politistasjon.

Politiet har fått melding om at han truleg blei observert ved Shellstasjonen på Madla klokka 01 natt til søndag.

Ber publikum ta kontakt

Ran Shell-stasjonen på Madla i Stavanger

Mannen blei sist sett i 01-tida natt til søndag ved Shellstasjonen på Madla. (Arkivfoto: mannen til venstre på bildet er ikkje den sakna personen)

Foto: Politiet

Politiet ber publikum som har noko å melde i saka om å ta kontakt på telefon 02800.