Ein person omkom i togpåkjørsel i Sandnes

Ein person mista livet etter å ha blitt påkøyrd av toget i Sandnes søndag morgon.

Togpåkjørsel Sandnes

SANDNES: Togpåkjørsla skjedde i Sandnes i Rogaland.

Foto: Ronny Hjertås

– Ein person er påkøyrd av toget og stafesta omkommen, opplyser Sørvest politidistrikt søndag morgon.

Politiet og ambulansepersonell gjer undersøkingar på staden i morgontimane og tar vare på involverte personar.

Politiet melde om ulukka klokka 7.36 søndag morgon.

Vy melder at strekninga Ganddal-Skeiane er stengt for togtrafikk.

– Du må rekna med forseinkingar og instillingar. Me veit ikkje kor lang tid det vil ta før toga kan køyra som normalt igjen, melder selskapet.

Hendinga skjedde ved Skeiane stasjon i Sandnes.

Flere nyheter fra Rogaland