Hopp til innhold

Sam kunne døydd av kjøtetande bakterie: – Treninga redda livet mitt

Sam (50) hadde berre vondt i ei skulder. Men da han kom til fastlegen, blei han sendt rett på sjukehuset med ein livsfarleg infeksjon.

Sam viser frem den ene skulderen etter infeksjonen han fikk i vinter.

MERKA FOR LIVET: Sam har berre ein halv høgre skulder. Ein alvorleg infeksjon i vinter har merka han for livet. Men han takkar god helse for at han kom seg gjennom sjukdommen på ein god måte.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Hadde eg ikkje trent så mykje, hadde eg truleg ikkje levd i dag, seier Sam.

– Treninga redda livet mitt.

50-åringen blei sjuk i slutten av januar. Han fekk vondt i skuldra og drog til fastlegen. Ei blodprøve slo fast at han måtte rett på sjukehuset.

– Eg hadde CRP-nivå på 550. Det er livsfarleg, seier han.

CRP (C-reaktivt protein) viser betennelsar i kroppen. Friske personar har eit CRP-nivå som er på maks ti.

Og Sam var verkeleg sjuk. Han hadde blitt smitta av ein kjøtetande bakterie, noko som er svært sjeldan. Det oppstår berre 1–5 tilfelle per 100.000 menneske.

Bakterien gav ein infeksjon som er krevjande å behandla.

Av omsyn til familien sin, ønsker ikkje Sam å ha etternamnet sitt på trykk. Han seier kona og ungane framleis er sterkt prega av hendinga i vinter.

Fekk hjartestans

Sam hamna i koma i seks dagar. Kona hans blei ringt opp av sjukehuset og fekk beskjed om at livet til mannen hennar sto i fare.

Så fekk Sam hjartestans under den første operasjonen. Men legane klarte å redda livet hans.

Sam på SUS

Sam da han var innlagt på Stavanger universitetssjukehus i januar. Han var svært sjuk og kjempa for å behalde først livet og så den høgre armen.

Foto: Privat

Da det blei klart at livet var berga, starta kampen for å behalda armen hans.

Og Sam slapp å amputera.

– Dei har gjort ein kjempejobb på sjukehuset, seier han.

Angreip vevet under huda

Det er snart eitt år sidan den kjøtetande bakterien snudde opp ned på livet til Sam. Han har gått til behandling hos fysioterapeut Eva Berg for å trene seg opp igjen.

Berg seier Sam blei svært hardt ramma av sjukdommen.

– Dette er ein pasient som svevde mellom liv og død i vinter. Det er utruleg at han overlevde.

Sam og fysioterapeut Eva Berg gjør øvelser sammen.

Sam og fysioterapeut Eva Berg ved Hundvåg Fysikalske Institutt i Stavanger har gjort mange, mange øvingar saman. Berg er imponert over innsatsen til Sam.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Bakterieinfeksjonen angreip vevet under huda, noko som er ein svært alvorleg tilstand. Sam måtte fjerna store deler av muskulaturen og leddkapselen i høgre skulder på grunn av dødt vev.

– Han har klart seg godt med stort pågangsmot og positiv innstilling, seier Berg.

Sam er oppteken av å halde seg i form. Han er blant anna medlem i Stavanger Bokseklubb.

Sam viser skadene etter infeksjonen.

Mykje muskel er borte. I staden har Sam fått eit stort arr på skuldra og nakken.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

At god form er avgjerande for framgangen han har hatt, er fysioterapeuten overtydd om.

– At Sam var godt trent før han blei sjuk, bidrog definitivt til at han er i såpass god form i dag. I tillegg har han god innsikt og forståing om trening og kropp, seier Berg.

Fleire fordelar

Ole Petter Hjelle er allmennlege og førsteamanuensis ved Universitetet i Sørøst-Noreg. Han blir ofte kalla «treningslegen», og har skrive boka «Sterk hjerne med aktiv kropp».

Han kjenner ikkje saka til Sam i detalj, men seier det å vere i god fysisk form er avgjerande for helsa vår.

Og nokon gonger er det ekstra viktig.

– Eg bruker å seie at god fysisk form er viktig gjennom heile livet. Men er det nokon gong du verkeleg vil ha ekstra gevinstar, så er det den dagen du blir sjuk, seier Hjelle.

Ole Petter Hjelle

Ole Petter Hjelle, allmennlege og førsteamanuensis ved Universitetet i Sørøst-Noreg.

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

Ifølgje Hjelle vil personar i god fysisk form takle sjukdom betre på fleire nivå.

– Reint fysisk vil blant anna sår gro raskare fordi dei har betre blodsirkulasjon. Mentalt taklar dei det stresset som alvorleg sjukdom medfører på ein betre måte, seier han.

Oppfordrar til meir bevegelse

Men det er sjølvsagt ikkje slik at fysisk aktivitet er ein garanti for at ein held seg frisk for evig tid. Hjelle vil ikkje at folk får dårleg samvit for alt dei ikkje gjer.

– Eg trur vi legar må snakke meir om dei umiddelbare gevinstane man får av å vere i god fysisk form. Som at du orkar meir, får betre konsentrasjon og betre humør.

Sam jobba som lærar i heimlandet Polen, og som røyrleggar i Noreg. Nå er han i gang med å omskolere seg til takstmann. Han kan ikkje lenger ha ein fysisk krevjande jobb.

Sam har ei klar oppmoding til andre:

– Å vere aktiv løner seg. Kanskje har du ikkje tid nå, men det kan bli for seint.