Hopp til innhold

Ein av tre unge føler seg pressa til å kjøpe julegåver dei ikkje har råd til

Føler du at du eigentleg ikkje har råd til den høgtalaren til mor di eller motorsaga til far din? Det gjer nemleg mange unge.

Kristine Karlsen

1 av 3 unge, som Kristine Karlsen (18), føler eit press til å kjøpe dyrare julegåver enn dei eigentleg har råd til.

Foto: Emily Kristiansen Poole / NRK

1 av 3 unge, som Kristine Karlsen (18), føler eit press til å kjøpe dyrare julegåver enn dei eigentleg har råd til.

Foto: Emily Kristiansen Poole / NRK

– Du vert ganske stressa, seier Kristine Karlsen (18), som er på julehandel.

År etter år set vi nordmenn rekord i å bruke pengar på julehandelen. I fjor brukte vi 11.760 kroner kvar på julegåver.

Det er fort tre-fire straumrekningar for eit vanleg hus – på kvar og ein av oss – berre for å sette det i eit perspektiv alle snakkar om for tida.

I år er det spådd at vi vil bruke om lag like mykje på pakkar under treet.

Ei ny undersøking syner at éin av tre unge føler seg pressa til å bruke meir pengar på julegåver enn dei har råd til.

Unge føler eit stort press

30 prosent av nordmenn mellom 18 og 29 føler seg i stor eller svært stor grad pressa til å bruke meir pengar på julegåver enn dei har råd til.

Til samanlikning er det talet på 18 prosent i befolkninga generelt, og so og seie ikkje-eksisterande hjå dei over 60.

Følar du deg pressa til å bruke meir pengar på julegåver enn du har råd til?

– Det blir fort dyrt

– Folk likar jo skikkelege ting. Eg føler eg må kjøpe gåver som folk faktisk vil ha og bruke, og då vert det jo mykje dyrare, seier Karlsen.

Ho seier ho tenkjer over pengebruken sin i desember og kven ho prioriterer gåver til.

Karlsen tippar ho kjem til å bruke kring 10.000 kroner på gåver i år, altso mindre enn gjennomsnittet for nordmenn.

– Du høyrer gjerne at veninna di kjøpte gåve til mor si for so og so mykje, og so vil du på ein måte matche det, sant.

Og på same måte kan gåver innan familien legge lista litt høgt for unge.

– Om mamma brukar mykje pengar på meg so følar eg jo at eg og vil gje ho noko til mykje pengar, seier Karlsen.

Følar du deg pressa til å bruke meir pengar på julegåver enn du har råd til?

Svar

I alt

18-29-åringar

I svært liten grad

35%

19%

I liten grad

27%

29%

Verken eller

20%

21%

I stor grad

13%

24%

I svært stor grad

5%

6%

Veit ikkje

1%

1%

– Det blir veldig mange å kjøpe til

– Eg prøvar å gjere det so økonomisk som mogleg, seier Thea Rosland (19).

Tanteungar, søsken, besteforeldre, vener – lista over kven som skal få gåver kan bli lang.

– Å gje bra gåver, eventuelt eksklusive gåver, kan jo vere viktig for mange, seier ho.

Sjølv har studenten teke eit aktivt val om å ikkje handle dyre gåver. Familie og venar er innforstått med at det blir slik medan ho er student på eit budsjett.

– Men alt i verdi er ikkje pengar. Det er jo tanken som tel, seier Rosland, før ho går for å finne noko fint til besteforeldra.

Thea Rosland

Thea Rosland (19) er student og handlar julegåver på eit stramt budsjett sett opp mot det nordmenn i snitt brukar.

Foto: Emily Kristiansen Poole / NRK

Thea Rosland (19) er student og handlar julegåver på eit stramt budsjett sett opp mot det nordmenn i snitt brukar.

Foto: Emily Kristiansen Poole / NRK