NRK Meny
Normal

NAV: – Lær deg norsk, eller reis heim

Ein av tre utan jobb i Norge er utanlandske statsborgarar. Mange jobba i ein arbeidsmarknad på veg opp, utan krav om norskkunnskapar. Nå er det ikkje slik.

Ein av tre utan jobb i Norge er utanlandske statsborgarar. Mange jobba i ein arbeidsmarknad på veg opp, utan krav om norskkunnskapar. Nå er det ikkje slik.

VIDEO: 70 prosent av dei som deltek på språkkursa i den katolske kyrkja er polske statsborgarar.

– Om nokon berre snakkar polsk, har dei ingen sjanse her, trur eg, seier Bartosz Grochowski frå Polen.

Han har jobba ei stund i Rogaland, men har ikkje begynt på norskkurs før nå. For nå merker han at det trengst. På same kurset går også Milena Czerwinska.

– Nå er det krise i olja, og norsk er kjempeviktig, seier ho.

Bartosz Grochowski

Bartosz Grochowski frå Polen går på norskkurs for å styrke arbeidsmoglegheitene sine i landet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Har vore mogleg å jobba utan norsk språk

– Det har vore uendeleg med arbeid, og det har og vore jobb til dei som ikkje kan norsk i bygg- og anleggsbransjen. Nå er aktiviteten redusert, og då er det vanskeleg for dei som ikkje kan språket, seier direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl.

Nå er fire prosent av arbeidsstyrken i oljefylket Rogaland utan jobb. Det er, saman med Aust Agder, mest i landet.

regiondirektør i NAV Rogaland, Truls Nordahl

Regiondirektør i NAV Rogaland, Truls Nordahl, meiner at arbeidsinnvandrarane utan norskkunnskapar får problem i arbeidsmarknaden under oljekrisen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Heile 35 prosent dei utan jobb i Rogaland er utanlandske statsborgarar, og i enkelte kommunar er tala endå høgare. I Eigersund er om lag 55 prosent av dei arbeidsledige utanlandske. På landsbasis er talet 29 prosent.

– Eg vil gå så langt som å seia at det er tilnærma umogleg å få jobb utan å kunne norsk nå. I dag er det jo vanskeleg for dei som snakkar norsk og engelsk også, seier Nordahl.

NAV visar veg til skulebenken

Dei som har jobba i Norge har betalt skatt, og har difor krav på dei same rettane som norske statsborgarar som mistar jobben har. Derfor tek NAV dei inn, og fortel dei kva som er situasjonen i dag.

– Me seier at dei må læra seg norsk, og at dersom dei ikkje gjer det så kan det vera ein like god ide å reise heim til det landet dei kom frå, seier Nordahl.

Fleire arbeidslause polakkar

Og mange arbeidsinnvandrarar høyrer på råda frå NAV. Caritas, som arrangerer norskkurs i Stavanger har merka at interessa har auka den siste tida. Heile 70 prosent av dei som deltek på språkkursa er polske statsborgarar.

– Tidlegare har dei jobba i polske miljø, og har ikkje lært norsk fordi det ikkje har vore naudsynt, seier kursleiar Knut Maubach ved Caritas.

Men nå er 14 prosent av dei utan jobb i Rogaland er polske statsborgarar, mot 9 prosent på landsbasis.

– Nå står dei åleine, og alle jobbane dei hadde før er vekke. Nå ser dei at norsk er alfa og omega på arbeidsmarknaden, seier Maubach.

Knut Maubach

Kursleiar Knut Maubach (midt i bilete) fortel at det var heil andre krav den gong polakkane kom til fylket som arbeidsinnvandrarar.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK