Tone Lise (53) hadde krav på utdanning då ho mista jobben

Kvar tredje arbeidsledige i Rogaland har ikkje fullført vidaregåande skule. Mange kan ha krav på å skaffa seg vitnemål i vaksen alder.

Tone Lise Ottesen

Tone Lise Ottesen mista jobben, og er nå i full gang med å ta fagbrev innan kontor og administrasjon.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det kjennest vondt å miste jobben. Det var eit skikkeleg slag å vera ei av dei arbeidsledige, seier Tone Lise Ottesen (53) frå Tjelta.

Ho har jobba seg opp i gradene, og er del av statistikken som uroar Fylkesmannen i Rogaland:

4000 av 12000 arbeidsledige har ikkje fullført vidaregåande opplæring. I heile Norge er om lag kvar fjerde innbyggjar over 16 år (26,9 prosent) utan meir utdanning enn grunnskulen.

– Mange i min alder fekk jobb med ein gong og jobba oss oppover. Eg har mykje erfaring, med det hjelper meg så lite utan papir, seier ho.

Etter tips fekk ho vite at ho hadde krav på vidareutdanning, og tar nå fagbrev innan kontor og administrasjon.

Vil ha fleire på skulebenken

Nå ønsker Fylkesmannen at fleire rogalendingar skal få papira i orden.

– Det er nødvendig med eit betre samarbeid for å komme desse utfordringane i møte, seier utdanningsdirektør Sølvi Ona Gjul.

Sølvi Ona Gjul

Sølvi Ona Gjul er utdanningsdirektør i Rogaland.

Foto: Anders Fehn

Det er no oppretta eit Vaksenopplæringsråd, og i dag arrangerer dei eit stort seminar for å få eit betre samspel mellom kommunane, fylkeskommunen, NAV og andre instansar knytt til utdanning og arbeidsløyse.

– Ei av hovudutfordringane er at mange ikkje kjenner til retten dei har til å få utdanning i vaksen alder. Arbeidsledige veit ikkje at dei kan gå til kommunen sin å krevja å få hjelp, seier Ona Gjul.

Stor pågang for vaksenopplæring

På AOF Sandnes og Jæren driv dei vaksenopplæring, og merker stor pågang i samanheng med nedgangstidene. Likevel tek dei gjerne imot fleire, og er glade for at Vaksenopplæringsrådet ønsker å spreie betre informasjon.

Tone Lise Ottesen visste ikkje at ho hadde krav på å fullføra den vidaregåande opplæringa då ho fekk beskjed om at ho skulle bli oppsagt.

– Eg fekk beskjed om dette på eit karrieresenter eg var innom. Eg fann ut korleis eg skulle gå fram, og då rulla ballen. Det er kjekt, seier Ottesen.